Personvern

Personopplysninger

 

ØRSTA KYRKJELYD BLIR GRØN KYRKJELYD

På gudstenesta 9. mars 2014 blir det markert at Ørsta kyrkjelyd har gått inn for å bli ein ‘Grøn kyrkjelyd’. Det er sokneprest Kjersti Torstrup som har gudstenesta, men  diakonirådgivar Tore Johan Øvstebø frå bispedømmekontoret vil også vere med for å overrekke eit diplom til kyrkjelyden i høve markeringa av Grøn kyrkjelyd.

Mange kyrkjelydar i Noreg har for lengst gått inn for å bli såkalla ‘Grøne kyrkjelydar’ og andre kyrkjelydar har blitt sertifiserte som Miljøfyrtårn,  og venteleg vil også fleire kome etter. I Bispemøtet sitt saksdokument 26/07: ”Det haster – det koster  - det nytter”, seier bispemøtet at det vil at alle kyrkjelydar i Noreg skal ha ein miljøvenleg profil: ”Som kirke må vi kritisk gjennomgå vår egen ressursbruk.” 

Vi menneske er avhengige av kvarandre og alt anna som lever. Samtidig er heile skaparverket i dag avhengig av at menneska tek forvaltaransvaret sitt på alvor, både globalt og lokalt. Med utgangspunkt i trua på Gud kan vi sjå  at vi har eit ansvar i verda (1 Mos 1,26ff). I dag ser det ut til at skaparverket, mange dyre- og planteartar, ja, heile økosystem, kan vere trua på ulike måtar, gjennom menneskeleg aktivitet og ressursbruk. Med mål om glede og takksemd over å få vere ein del av det økologiske fellesskapet i skaparverket, kan dette føre til tydeleg tale i samfunnet og til konkret handling i eigne liv.

Ørsta sokneråd har no vedtatt ein handlingsplan for Grøn kyrkjelyd i Ørsta. Denne planen er delt i sju tema: 1. Gudstenesteliv, 2. Undervisning, diakoni og informasjon, 3. I lokalsamfunnet, 4. Innkjøp, 5. Energi, 6. Transport, 7. Avfall. Innanfor kvart av desse delområda er det sett opp nokre konkrete mål. Så blir jobben å arbeide for å gjennomføre desse konkrete måla i kvardagen, og her kan heile kyrkjelyden ta del og vere med å arbeide for å nå måla. Er du interessert i å vite meir om denne handlingsplanen og kva som står der, kan du gå inn på www.iKyrkja.no

Velkommen til gudsteneste!

Ørsta sokneråd

v/Knut Stave, diakon



..................................

Adresse:

Vikegata 5,
6150 ØRSTA

Tlf: 70048640
Faks: 70048641

Meir opplysningar finn
de i venstremargen:
*kyrkjekontoret

*kontakt oss

E-post til kontoret

.................................
Kontaktperson Grøn kyrkje:
Knut Stave
Tlf: 94294290