Personvern

Personopplysninger

 

Keltisk kveldsbøn

Onsdag 24.mai kl.20.00 i Ørsta kyrkje

Spr. Espen Aarseth, Ørsta kyrkjekor,
kantor Marie A.Riise og tekstlesarar.

Velkomen til eit pusterom i kvardagen med bøn, song og vakker kormusikk.

Ørsta kyrkjekor

Keltisk kveldsbøn i Ørsta kyrkje

Onsdagkveld inviterer Ørsta kyrkjekor til ei keltisk kveldsbøn i Ørsta kyrkje. Denne kvelden vert du invitert med til å synge salmar og lese tekster og bøner frå den keltiske tradisjonen. Tekstane nyttar bilete frå naturen. Melodiane er enkle, musikken lys og språket har eit sterkt fokus på livet her og no. Du får også høyre vakker kormusikk av Ørsta kyrkjekor. Den keltiske spiritualiteten er livsnær og jordnær samstundes som den peikar oppover. Den uttrykkjer ein stor respekt for skaparverket og naturen rundt oss. Gleda over å leve i og nær naturen er sterk. Naturen blir som ei slags heilag bok, ein openberring av Guds vilje og tanke, Guds velsigning og godheit. Ein kan sjå spor av Gud overalt! Den keltiske tradisjonen kjem frå ei verkelegheitsforståing som er basert på sanseintrykk, opplevingar og kjensler like mykje som tankegang og refleksjon.

Denne kvelden får vi be for jorda vår, naturen vår og menneska rundt oss. Bli med på kveldsbøn og få eit pusterom i den hektiske kvardagen. Her kan du få sette deg ned å verkeleg kjenne på kvilepulsen. Ørsta kyrkjekor, sokneprest Espen Aarseth, kantor Marie A. Riise og fleire tek del. Sjå annonse. Velkomen!

Kantor Marie Austrheim Riise.

Adresse
Vikegata 5, 
6150 ØRSTA

Tlf: 70048640 
E-posttil kontoret