Den gode fastetid Av Matias Austrheim Komande søndag er fastelavenssøndag med kremfyllte kveitebollar og fastelavensris. Mandag er blåmåndag , tirsdag er det feitetysdag, og onsdag er askeonsdag. Fastetida skal hjelpe oss å fokusere det som er aksen og kjernen i vår kristne tru. Fastelavenssøndag peikar framover til påskehendinga : ” Sjå , vi dreg opp til Jerusalem , og alt som profetane har skrive om Menneskesonen , skal oppfyllast. Han skal gjevast over til heidningane og bli spotta og mishandla og spytta på , og dei skal piska han og slå han i hel..Og tredje dagen skal han stå opp att.”. Forsaking er eit umoderne ord. Det handlar om å seie nei til noko som i og for seg er godt. Ved å forsake noko, t.d. i kosthaldet og matvanane våre , vil kroppen merke fastetida. Ikkje for å bli slank og sunn men for å hente styrke og hjelp til å leve ut vår kristne tru. Vi lever i ei tid med individualisme , sjølvdigging og egoistisk leiting etter lukke. Vi er forbrukarar som gjer livet og gåvene i livet til varer, opplevingar og nyting som skal tilfredsstille eigne egoistiske behov. Den kristne tru viser oss ein annan veg , kjærleiken og forsakinga sin veg. Om det gode liv som kjem frå Gud , om å dele og gje vårt liv og våre krefter for andre. Fastebøssa på kjøkkenbordet vårt symbolieserer dette på ein god måte. Eller kva med ei mediefaste? I vår tid vert vi utsett for eit informasjons- og reklamepress som sløvar oss åndeleg og mentalt. Kva med ei underhaldningsfaste? Kva med å slå av radio og TV, la reklameblad og aviser vere uopna ein dag og i staden ta tid til stillheit? Kjenne på vår indre uro. Oppdage at den er til å halde ut, at Gud er nær midt i vårt kaotiske liv? Fastetida skal hjelpe oss til rytme og struktur i vårt åndelege liv. Gudstenesta er sjølvsagt grunnleggande , likeeins nattverden . Og gløym ikkje at søndag er påskedag kvar veke , også i fastetida. Askeonsdag innleier fastetida . Då held vi kveldsgudsteneste i Ørsta kyrkje med skriftemål og nattverd. Vi treng å gjenoppdage skriftemålet i kyrkja vår. Å få knele der ved altararringen , og høyre Jesu tilseiingsord om ”nådig forlating for alle dine synder , i namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage Ande.” Mange seier til meg etterpå: denne gudstenesta vil eg ikkje gå glipp av ! Velkomen til å starte fastetida på ein konkret og god måte. La ikkje fastetida gleppe for deg ! Og velkomen til fastelavensgudsteneste!