NMS-basar på Åmdal bedehus 19/9/2013 Adminbruker IKyrkja Laurdag 21.september klokka 15:00 inviterer NMS- foreiningane i Åmdalen til basar. Sokneprest Arne Moltubak og Nina Telseth Vedeld kjem. Pengane går mellom anna NMS sitt arbeid i Bangkok Innsamling til slummen i Bangkok"Immanuel kyrkja i Bangkok driv eit veldig viktig barne - og ungdomsarbeid for barn i Klong toey slummen i Thailand. Fem dagar i veka driv dei fritidsklubb i Lovsangshjemmet, dette prosjektet treng mange støttespelarar ". Dette skriv misjonar Anne Storsteinshaug i ein mail til "unge"-foreininga i Åmdalen. Vi vil gjerne støtte dette og anna arbeid i slummen. Arne og Nina Laurdag 21.september held vi basar saman med "gamle"-foreininga på Åmdal bedehus. Begge foreiningane høyrer til Det Norske Misjonsselskap. Vi har vore så heldige og få Arne Moltubak til å halde andakt, og Nina Vedeld Telseth til å syngje. Det heile startar med åresal klokka 15.00, så blir det andakt, song, meir loddsal, sal og smørbrød og kaker og trekking av bøker til slutt. Opplegget passar også veldig godt for barn i alle aldrar. Alle er hjarteleg velkomne både dei som bur fram på dala, og ALLE andre. Ref. Borna frå slummen i Bangkok får tilbod om fritidsklubb fleire ettermiddagar i veka. Her kan dei få musikkundervisning, gå i speidargruppe, data- og engelskundervisning. Klubben gir også stipend til dei som vil ta høgare utdanning. ( Foto: privat, lovsangshjemmet.blogspot.com)