Trusopplæringstiltak i Ørsta 2015/16
Her er ein oversikt over trusopplæringstilboda i kyrkjeleg regi:
0-3 år: Dåp nesten kvar søndag i kyrkja.
Alle dåpsborn får ein handbrodert dåpsklut frå Madagaskar, i gåve frå ulike frivillige lag i kyrkjelyden. Bilde med kveldsbøn frå soknerådet.
Dei får i tillegg ein pose med faddergåver. Ein av fadrane til kvart barn får ein pose med gåver som ho eller han skal overrekke til fadderbornet på dåpsdagen i tre år. Smekke med «Å du som mettar» til 1. dåpsdagen, CD med barnesongar til 2. dåpsdagen og boka «lille Sauen går seg vill» til 3. dåpsdagen.
4 år: Juni. 4-åringar er med på undretur i kyrkja og gudsteneste med utdeling av kyrkjebok.
5 år: Desember får ”Kirkerotte Film” tilsendt i posten.
6 år: August. «Førsteklasses» samling med utdeling av boka «Alle gode ting» til 1.klassingar.
7 år: Kyrkjekino med fleire «Kirkerotte» filmer
8 år: Januar/februar. Tårnagenthelg 3.klassingar er med på eit bo heim leir. Dei brukar sansane sine til å finne svar/informasjon og løyse oppgåvar i kyrkja.
9 år: I Pinsa, ved Hovdevatnet. 4.klassingar i alle fire sokn lærar om pinse, pinsetradisjonar og symbolikk. 2.pinsedag er dei med på Friluftsgudsteneste.
10 år: Utdeling av boka ”Bibelen – ei vandring gjennom den store forteljinga” til 5.klassingar. Bibeltrim på skulane ved diakon Knut Stave. November: LysVaken med overnatting i kyrkja.
11 år: Desember: Lysmesse for 6.klassingar
14 år: Konfirmasjon: Eit heilt år der 9.klassingar får ein sjanse til å bli betre kjent med den trua dei er døypt til. Forskjellige undervisningstema, leir i vinterferien, deltaking i aktivitetsgrupper, aktiv deltaking i gudsteneste og Ungmesse m.m.
15 år (fjorårskonfirmantar): MILK-kurs (MiniLeiarKurs for 15-åringar) Samlingar over 6 kveldar.
MILK-helg med overnatting på Bondalseidet sportskapell.
Praksis på forskjellige trusopplæringstiltak t.d Lysvaken, bokutdelingar, Tårnagenthelg osv.
16-18år Creme: Creme helg med overnatting.
Creme og MILK er eit veksande ressurs i kyrkjelyden vår.
Kyrkja i samarbeid med barnehagar og skule
Eg faldar mine hender små i takk og bøn til deg. Lat alle barn i verda få det like godt som eg.
Vern alle med di sterke hand mot fattigdom og død. Og hjelp små born i alle land og gje dei dagleg brød.
Lat ikkje krig og svolt og sott få rive lukka ned. Lat alle leve trygt og godt, i fridom og i fred
Adresse: Vikegata 5, 6150 ØRSTA
Tlf: 70048640 E-posttil kontoret