Personvern

Personopplysninger

 

Kjære 3.klassing og foreldre/føresette i Ørsta: Bli med på Tårnagenthelg!

Kjære 3.klassing og foreldre/føresette i Ørsta:  Bli med på Tårnagenthelg!

Kjære 3.klassing og foreldre/føresette: Bli med på Tårnagenthelg! 
Laurdag 02. og søndag 03. februar 2019 inviterer vi alle 3.klassingar som har lyst til å bli Tårnagentar og vere med på Tårnagenthelg i Ørsta kyrkje.

Tårnagentane skal leite etter gøymde symbol i kyrkja og inspisere kyrkjetårnet og klokkene. Kanskje finn dei noko hemmeleg? Agentane skal løyse oppdrag og mysterium, og på gudstenesta søndagen skal dei vise noko av dette til foreldre og sysken og andre som kjem. Etter gudstenesta blir det kyrkjekaffi med tårnagentkake og frukt.

Alle agentane bur heime, men skal vere i lag i kyrkja både laurdag og søndag. Agentane møter i kyrkja laurdag 02.februar kl. 14:30. Vi held på til kl 20:00. Det kan vere lurt å ha lommelykt og klede til å vere ei stund utandørs.

Søndag skal det vere Tårnagentgudsteneste kl.11:00. Tårnagentane skal møte kl.10:00 og kyrkjekaffien er ferdig ca kl 13:00.

Foreldre/føresette, søsken, fadrar og alle andre som vil, er hjarteleg velkomne til å vere med på gudsteneste og kyrkjekaffi søndag 03. februar kl.11:00.

For alle

Tårnagenthelg skal vere for alle 3.klassingar som har lyst! Viss dykkar barn treng tilrettelegging av noko slag, må de gje beskjed slik at vi i fellesskap kan kome fram til gode løysingar. Tårnagentane skal få mat og vi må vite om nokon har matallergi. Skriv i merknadsfeltet i påmeldingsskjemaet.

Englevakter

For å gjennomføre Tårnagenthelg trengst det nokre Englevakter! Ei Englevakt er ein føresett som hjelper til med det praktiske denne helga. Vi har behov for at nokre serverer mat eller er tårnvakt. Englevaktar kan også bake ei kake eller lage til eit fruktfat til kyrkjekaffien. Kryss av i påmeldingsskjemaet, og du vil bli kontakta.

Påmelding Påmelding for Tårnagentar og Englevakter skjer på www.iKyrkja.no , og pris er Kr.100,-. Vi ønsker påmelding innan søndag 27.01.

Helsing frå Arne Moltubak prest og Caroline Sefu kateket. E-post: caroline.sefu@orsta.kyrkja.no

Telefon på kyrkjekontoret: 70048649

Adresse
Vikegata 5, 
6150 ØRSTA

Tlf: 70048640 
E-posttil kontoret


Eg faldar mine hender små
i takk og bøn til deg.
Lat alle barn i verda få det like godt som eg.

Vern alle med di sterke hand mot fattigdom og død. Og hjelp små born i alle land og gje dei dagleg brød.

Lat ikkje krig og svolt og sott få rive lukka ned. Lat alle leve trygt og godt, i fridom og i fred