Bibelutdeling i Vartdal kyrkje Kjære 5.- og 6. klassingar, med føresette frå VartdalsstrandaDu som går i 5. eller 6. klasse, har blitt rundt 10 eller 11 år. I Vartdal kyrkjelyd har vi lang tradisjon for å gi ei bibelgåve til barn i denne aldersgruppa, og det vil vi gjerne fortsette med i år også. Vartdal sokneråd har derfor gleda av å invitere alle 5.- og 6.-klassingar, med familie, til:FAMILIEGUDSTENESTE I VARTDAL KYRKJE m/bokutdeling til 5. og 6. klasse søndag 27. januar kl. 11.00Bibelen er ei bok med ei lang og spennande historie bak seg. Kunnskap om Bibelen kan hjelpe oss til å forstå kulturen og samfunnet vi lever i. Det er ei bok der vi på ein heilt spesiell måte får lære om kven Gud er og korleis han har synt seg i historia. Fortellingane om Jesus er Bibelens sentrum. Den raude tråden er Guds kjærleik til menneska og verda.Invitasjonen blir sendt til dei som er registrerte i medlemsregisteret til Den norske kyrkja og som er fødde i 2007 og 2008. Kjenner de 5./6.-klassingar som ikkje har fått invitasjon, må de gjerne invitere dei med til gudsteneste! Alle 5./6.-klassingar er velkomne til å få ’Bibelen. Ei vandring gjennom den store forteljinga’ i gåve frå kyrkjelyden!Vel møtt til gudsteneste! Ørsta, 15. januar 2019 Vennleg helsing spr. Ruth Eva Sollie og kateket Caroline Sefu