FØREMIDDAGSTREFF på Bakk-Olamarka Velkommen til føremiddagstreff 4. april kl 11 til både frå Ørsta, Vartdalstranda og Hjørundfjorden. Føremiddagstreffa er eit samarbeid mellom frikyrkja, bedehuset og kyrkja, og alle som har tid og høve er velkomne til treff! Denne gongen blir treffet på Bakk-Olamarka, og vi kan gle oss over endeleg å få besøk av folkehelsekoordinator Ingvild Endal igjen. Ho vil mellom anna snakke om turstiar, Stikk UT! og om fysisk aktivitet for 60+. I tillegg vil sokneprest Arne Moltubak halde ei kort andakt.Elles blir det som vanleg song og musikk, og Elisabeth Stave, frå Volda, vil vere med på pianoet. Etter kvart blir det høve til å kjøpe seg potetball og mykje annan god mat frå kantina på Aktivitetssenteret på Bakk-Olamarka, og den som vil, kan bli sittande og prate kring borda. Med godt lag ligg alt til rette for ein god møteplass for alle. Vi håpar at mange tar turen innom!Ein treng ikkje vere 60+ for å vere velkommen til føremiddagstreffa, så vi ønsker alle aldersgrupper velkomne! Kanskje kjenner du nokon du kan invitere med deg på treff? Vi treffest på Aktivitetssenteret på Bakk-Olamarka, torsdag, førstkommande. Vi sest!ALLE ER VELKOMNE!!Helsing Føremiddagstreff-komiteen og diakon Knut Stave