Litt bilete frå Lys Våken i Ørsta 28/11/2022 16.04 Adminbruker IKyrkja Forrige helg var det Lys Vaken i Ørsta kyrkje og det var ein kjekk og frisk gjeng som hadde meldt seg på. Det er alltid litt spennande med å vere i ei stor kyrkje og at ein i tillegg skal overnatte der er heilt spesielt. Bente Nordbøe Årøen stilte opp for å halde opplegget saman med Arne, og det vart kjempekjekt. Mykje fikk dei lære, sjå, utforske, leike ilag, tenkje på og gjere mykje. Til og med ute på gravplassen er mykje å sjå og lære. Pizza om kvelden og frukost morgonen etter. Søndagen var dei klare for Gudsteneste og både song og synte fram glasmaleria dei hadde mala.