Kjære konfirmant og føresette!
Vel overstått sommar! Haustsemesteret er i gang og vi er glade for at de har valt konfirmasjon i Den norske kyrkja.
Nesten alle har no gjennomført innmelding og registrering på www.ikyrkja.no. Dette er viktig for at vi kan sende ut informasjon på e-post og sms-varsling i tråd med GDPR-reglane. Informasjonen vil også ligge på www.ikyrkja.no, Konfirmant.
Avspark på Sæbø laurdag 2. september kl.13.30- 16.45
Avspark er den offisielle opninga i konfirmantåret. Der møtast alle konfirmantane frå Vartdal, Ørsta og Hjørundfjord. Konfirmantane vert delt i to grupper: Gruppe 1 startar med undervisning i og rundt kyrkja, gruppe 2 har leikar og aktivitetar i gymsalen. I pausen blir det eit pølsemåltid, før gruppene byttar aktivitetar.
Presentasjonsgudstenester:
Søn 3.09. kl 11.00 Ørsta kyrkje: Klasse 9A og 9B.
Søn 10.09. kl 11:00 Ørsta kyrkje: Klasse 9C og 9D.
Søn 17.09 kl 11.00 Ørsta kyrkje: Klasse 9E og 9F.
I presentasjonsgudstenesta vert klassa og konfirmantane presentert for kyrkjelyden. Namnet til kvar enkelt konfirmant vert lest opp. Konfirmanten får utdelt konfirmantbibel og tenner eit lys i lysgloben.
Konfirmantundervisninga startar opp i september. I Ørsta er undervisninga anten i kyrkja eller i undervisningssalen i Vikegata 5a, 2.etasje. Det er viktig at konfirmantane tek ansvar for å følge med og møte opp. Vi kjem til å hjelpe til ved å sende sms til konfirmanten og føresette dagen før. Før undervisninga tek til får konfirmantane eit enkelt måltid. Maten er inkludert i kontingenten, og dei treng ikkje kjøpe mat og drikke på butikken før dei kjem.
Faktura for konfirmantåret blir sendt ut i løpet av hausten.
Foreldremøte: Det vert foreldremøte i løpet av veka etter konfirmantpresentasjon. Sjå elles vedlagt kalender for datoar framover. På foreldremøtet vil vi informere om konfirmantåret og ha god tid til å svare på spørsmål frå dykk føresette.
Klokkarteneste: Alle konfirmantane skal vere med på klokkarteneste, der dei hjelper til med praktiske oppgåver i gudstenesta. Fleire konfirmantar skal delta i lag. Sjå oversikt over klokkarteneste med dato og gruppeinndeling lagt ved e-posten. Når konfirmanten har klokkarteneste bed vi nokre av foreldra/føresette om å lage til kaffi/kjeks/kake til kyrkjekaffien etter gudstenesta.
Hjelp frå foreldre og føresette: Konfirmantåret er også eit dugnadsår, og vi treng alltid ein del hjelp frå dykk føresette. Vi kjem til å be om hjelp til matlaging og trafikkvakt på Avspark, kyrkjekaffi, nattevakt på konfirmantleir, mm. I tillegg skal alle konfirmantane ha med seg ein føresett eller annan vaksen på Fasteaksjonen i samarbeid med Kirkens Nødhjelp neste år.
Vi gler oss alle til eit spennande år i lag med dykk!
Beste helsing, på vegne av alle konfirmantleiarane: Caroline Sefu, kateket.
Adresse: Vikegata 5, 6150 ØRSTA
Tlf: 70048640 E-post til kontoret