Undretur og kyrkjekino i Vartdal kyrkje På onsdag 8.mai er vi klare for trusopplæring i Vartdal kyrkje:Klokka 17 er det UNDRETUR for 4-åringane (f.2020) og klokka 1815 er det klart for KYRKJEROTTEKINO for 5-åringane (f.2019) Dei som er medlem i Den norske kyrkja i Vartdal sokn har fått invitasjon i posten, og kan melde seg på til 905 95 410 innan i morgon. Kjenner du eit barn frå desse årskulla, som ikkje er medlem i kyrkja og som har lyst å vere med? Send oss ei melding!Og på torsdag, Kristi himmelfarts dag, er det familiegudsteneste kl 11, med fireårsbok og filmutdeling til 4 og 5-åringane!