Personvern

Personopplysninger

 

Kyrkjevalet 2011

Innleiing Kyrkjemøtet som samlast i Tønsberg 14. - 20. november skal mellom anna vedta reviderte valreglar til Kyrkjevalet 2011. Saksdokument til Kyrkjemøtet vert tilgjengeleg på www.kyrkja.no om kort tid. Revisjon av valreglar er basert på erfaringar og evaluering frå førre val. Sjølv om formelle fristar for oppstart av nominasjonsarbeidet er lagt til januar 2011, er det ingenting i vegen for at dei som ønskjer det kan starte arbeidet tidligare.

I dette e-brevet vil Kyrkjerådet informere om

- fristar knytt til nominasjonsfasen,

- dei viktigaste endringar i valreglane,

- samt ei førebels orientering om økonomi.

Kyrkjerådet tek sikte på å sende ut eit rundskriv i månadsskiftet november/desember etter Kyrkjemøtets vedtak. Deretter vert valhandboka med komplette reglar og regelvegleiing distribuert til alle sokn 1. februar 2011. Me vonar dette samla sett vil gje god og tilstrekkeleg informasjon i tide for alle de som skal førebu neste års kyrkjeval.

Viktige fristar og datoar

Dato for valet: 11.-12. september 2011, samstundes med kommunestyre- og fylkestingsvalet. Det er Kyrkjemøtet som formelt fastset valdag (-ar) for kyrkjevalet.

Fristar i nominasjonsfasen for sokneråd:

* Etablere nominasjonskomité: januar 2011

* Etablere valteam: januar 2011

* Delta på valkurs: januar-februar

* Utarbeide informasjonsplan: 15. mars

* Frist for innlevering av listeforslag: 1. mai

* Frist for godkjenning av vallister: 8. mai

* Frist for registrering av kandidatlister i valmodul: 1. juni

* Frist for fastsetjing (og registrering i valmodul) av tid og stad for valet: 1. juni

Fristar i nominasjonsfasen for sokneråd knytt til bispedømerådsvalet:

* Delta på valkurs (inkl. møte for val av nominasjonskomité): 1. mars * Frist for soknerådet for framlegg til leke kandidatar til bispedømerådet: 15. mars

* Frist for supplerande nominasjon: 1. juni

Viktige endringar i valreglar for sokneråd

Evalueringa synte trong for endringar i Regler for val av sokneråd. Ein gjer framlegg om endringar i reglar for oppteljing for fleirtalsval slik at alle kandidatar på lista får ein reell sjanse til å bli valt inn. Vidare rår ein til at oppteljingsreglar for forholdstalsval vert revidert slik at dei samsvarar med oppteljingsreglar i vallova av 2002. Ein gjer elles framlegg om forenklingar i prosedyrane ved førehandsrøysting. Desse forenklingane har som konsekvens at veljarar som har førehandsrøysta ikkje lenger kan røyste på valdagen. I saksframlegget til Kyrkjemøtet vert det og gjort framlegg om at prøveordninga med val på halve soknerådet anna kvart år, og prøveordninga med samanslegne sokneråd vert forlenga. Viktige endringar i valreglar for bispedømeråd/Kyrkjemøte Evalueringa av Kyrkjevalet 2009 synte trong for justeringar i preferansevalordninga. Ein rår til å vidareføre forsøket med preferanseval òg i 2011 for å få ei betre utprøving av ordninga, og for å få eit breiare erfaringsgrunnlag før ein skal konkludere om framtidig valordning. Det vert gjort framlegg om endringar i ordninga som skal gjere røystinga enklare for veljaren, og som skal medverke til at veljaren lettare kan gjere seg kjend med kandidatane og treffe eit val. Det vert gjort framlegg om følgjande endringar:

* Reduksjon av talet på leke kandidatar som skal nominerast av nominasjonskomiteen frå 21 til 18.

* Forbetra presentasjon av kandidatane, slik at presentasjonen inneheld kandidatane sitt syn på aktuelle kyrkjelege spørsmål.

* Forenkla oppsett av røystesetelen slik at preferansane vert markert med talverdiar i éi kolonne til venstre for kandidaten sitt namn.

* Markering på kandidatlista kva for kandidatar som er komne til ved supplerande nominasjon. Kandidatlista vert sett opp i alfabetisk rekkefølgje. Ein bør legge til rette for kandidatane sin eigenprofilering, og for at personar eller grupperingar kan kunngjere (konkurrerande) tilrådingar for røysting.

Økonomi

Statsbudsjettet for 2011 vert kunngjort tysdag 5. oktober. Kyrkjerådet har bede om auka rammer for gjennomføringa av Kyrkjevalet 2011. Kyrkjerådet tek sikte på å kome attende med ei nærare orientering om økonomi og lokal tildeling i rundskrivet etter Kyrkjemøtet.

Oslo, 1. oktober 2010

Jens-Petter Johnsen

Direktør

 

 

Adresse:
Vikegata 5,
6150 ØRSTA

Tlf: 70048640
Faks:70048641

Ørsta kyrkje:700 66354

Meir kontaktinfo.
under sida for
kyrkjekontor

E-post til kontoret