Personvern

Personopplysninger

 

NMS- foreiningar

NMS- foreiningar i Ørsta:


 "Unge foreininga"

Fakta:
  • Samlast ca ein gong i månaden
  • Pengane som vert betalt inn på konto gjeng til misjonsprosjekt  som er til barneheim i Bankok
  • Dei arrangerer basar ein gong i året på Åmdal bedehus, her hjelper Åmdal misjonsforeining til også.
  • Ingvild Runde er leiar og Bodil Brautaset kasserar.
  • Aldersmessig er dei frå 35-55 år i denne klubben.
  • Ca 8 stk. og dei er frå Åmdalen, Follestaddalen og Ørsta.





Åmdal misjonsforeining

Fakta:
  • Samlast ca. ein gong i månaden, på ein onsdag, rundt om i heimane.
  • Opnar med eit andaktsord, syng og les frå Misjonstidende, eller les frå andre liknande blad..
  • Me har ei misjonsbøsse me legg pengar på, mange har med handarbeid og så vert det oftast kaffi og litt kaffimat attåt.
  • Siste åra har det vore 10 stk. som møter, trass gjennomsnittalderen er 79 år, og at ein treng skyss til møta. Me vil halde på så lengje me greier det.
  • Ein gong i året er det basar på Åmdal bedehus. På denne basaren hjelper me den yngre kvinneklubben.
  • Saman med dei yngre lagar me til når Fellesforeininga for Ørsta har årsmøtet på Åmdal Bedehus, om hausten.
  • Har hatt god kontakt med ein misjonær, “vår misjonær” Arild Bakke, som me brevvekslar med



Sætre og Lystad kvinneforeining- NMS

Fakta:
  • Skipa i 1919, og er såleis det eldste arbeidet som framleis held på i Lystad krets.
  • Jamvel under krigen vart det halde stemne om sommaren, då i løa til Ingebrikt Sætre.
  • I dag er det omlag 10 medlemer, mange svært gamle, men ein vil gjerne halde arbeidet i gong.
  • Møta er ein gong i månaden, rundt om i heimane.
  • Foreininga er med og hjelper til på julemessa om hausten.




Misjonsklubben- NMS

Fakta:
Vart starta for ca. 11 år sidan av ein flokk damer som vart samde om å byrje. I dag har gruppa ca 10 medlemmer.
  • Gruppa har samling omlag ein kveld i månaden klokka 20:00, og møta går på omgang i heimane
  • Vi les frå misjonstidende, diskuterer og har forbøn.
  • Samlar inn til nms via ei misjonsbøsse på møta.
  • Lagar ting til misjonsmessa, som er av hovudoppgåvene til gruppa.
Kontaktperson: Eli-kristine moltu, tlf: 90083473



Du kan skaffe deg lefse til jul!

Som de veit vart Misjonsmessa avlyst på grunn av Covid-19, og då restriksjonane i forhold til smitte. NMS-Messa har vore plassen der mange har skaffa seg herlige og nydelege "tynnelefser" til jul! 
NO kan me forklare korleis du får tak i dei. Prisen er: 150,- for pakken. 

→ Les mer

Gabriel sitt besøk på Håpets Senter i Paris
Det er tre konfirmantar i Hjørundfjord dette året. Den eine bur faktisk i Frankrike, skal konfirmere seg i Hjørundfjord kyrkje, men fyl eit konfirmantopplegg der han bur.
Han har no vore innom og besøkt Håpets Senter, som er Hjørundfjord kyrkjelyd sitt misjonsprosjekt. Her får du lese det han skreiv om dette besøket.

→ Les mer

SOMMARFEST I PRESTEGARDEN
Tradisjonen tru, inviterer Det Norske Misjonsselskap (NMS) til sommarfest i
prestegarden i Ørsta,onsdag 13.juni kl 1730. 
Vi er glade for at presteparet,Jorunn & Matias Austrheim
også denne gangen åpnar heimen.

→ Les mer