Personvern

Personopplysninger

 

Y´s men

Y's Men International:

er som overskrifta fortel ein internasjonal teneste-organisasjon. Vi har klubbar på alle kontinent fordelt på 68 land. Det fins mange internasjonale teneste-organisasjonar, men berre Y's Men har ein kristen basis.

Organisasjonen vart starta i USA i 1922 av tidligare KFUM-leiarar. KFUM´s engelske oversetjing er YMCA og organisasjonen og deira medlemar vart ofte kalla "The Y's". Difor namnet "Y's Men".

Etter si aktive leiarperiode var ynskje å hjelpe til med nye leiarar, gjer praktisk arbeid og hjelpe til med pengar til drift og for vidareutvikling av arbeidet.


Y's Men karakteriserast på fylgjande måte:
  • Ein internasjonal teneste-organisasjon
  • Godt organisert
  • Ideell målsetjing
  • Demokratisk
  • Ingen etniske grenser
  • Frivillig arbeid
  • Satsar på born og unge

Motto

"Vi vedkjenner oss den plikt som følger med enhver rett"

Dette tyder at vi som Y's Men har både plikter og rettar:

Plikter (men alle trenger ikkje gjere alt):
  • Vere med på det som skjer
  • Ta på meg oppgåver
  • Vere solidarisk med felles vedtak
  • Ta del i klubben sine aktivitetar
  • Yte økonomisk
  • Jobbe med praktisk arbeid
  • Vere gjestfri (Home Stay)

Rettar:
  • Eit internasjonalt, sosialt fellesskap
  • Tilhøyre eit nettverk av vener
  • Eit kristent fellesskap
  • Blir regna med i fellesskapet
  • Få bruke mine evner
  • Få lære og utvikle meg personleg
  • Få ta ansvar

Kristen basis
  • Byggjer på Jesu Kristi lære
  • Ingen krav til personleg tru
  • Ingen evangelisering
  • Kristendom i praksis
  • Støttar KFUK's og KFUM's arbeid mellom born og unge

Møter i Ørsta kyrkje 2010:
18. januar 19:30
15. mars 19:30