Personvern

Personopplysninger

 

Diakoniplan for Vartdal

DIAKONIPLAN
for Vartdal kyrkjelyd
2009 -2010

Guds kjærleik til alle menneske og alt det skapte,
verkeleggjort gjennom liv og teneste.

(Visjon for den diakonale tenesta i Den norske kyrkja, 2008)

Føreord
Toårsplan 2009 – 2010
Føreord

Kvart av dei fire sokneråda i Ørsta kommune, Ørsta-, Vartdal-, Hjørundfjord- og Storfjord kyrkjelyd, har ansvar for det lokale diakoniarbeidet i sitt eige sokn (kyrkjelova, 1996, § 9). Noko av dette ansvaret kan sokneråda delegere til andre organ, til dømes eit diakoniutval eller ulike komitear. Diakonen er tilsett som leiar av det diakonale arbeidet i kvart av dei fire sokna.

Diakoniplanen for kyrkjelydane i Ørsta kommune er delt i to hovuddelar. Den første delen er av generell karakter og er felles for alle sokna. Her skriv diakonen eit føreord og ei innleiing med ulike ”samandrag” frå Plan for diakoni i Den norske kyrkja (2008), som gir grunnlaget for dei lokale diakoniplanane og det diakonale arbeidet i kyrkjelydane våre.

Den andre delen inneheld toårsplanar, éin for kvart av dei fire sokna i Ørsta kommune. Desse fire planane er bygde på same leisten, men går ut ifrå dei lokale tilhøva i kvart av sokna. Ein toårsplan inneheld ei hovudmålsetjing og fire hovudarbeidsområde:

1. Materielt livsgrunnlag og sosial rettferd
2. Kontakt og fellesskap
3. Sjelesorg
4. Helse- og omsorgsarbeid

Innanfor kvart hovudarbeidsområde er det sett opp nokre delmål og eit oversyn over kva konkrete tiltak ein har eller har ønske om å setje i gang i kyrkjelyden.

Til sist i toårsplanen kjem eventuelt soknerådet/diakoniutvalet sine satsingsområde for toårsperioden. Toårsplanen bør evaluerast kvart andre år. Ein endra eller uendra plan vert då godkjend for ein ny toårsperiode. Er viktige tiltak utelatne frå ein toårsplan, eller om nokon har positive eller negative kommentarar, er slike tilbakemeldingar velkomne.

Lat oss håpe at diakoniplanane med tilhøyrande toårsplanar, kan verke til bevisstgjering og målretta arbeid, og vere teneleg for kyrkjelydane våre i Ørsta, Vartdal, Hjørundfjord og Storfjord!

Knut Stave, diakon


Kva er diakoni?
– ”samandrag” frå Plan for diakoni i Den norske kyrkja

”Diakoni er kyrkja si omsorgsteneste. Den er evangeliet i handling og blir uttrykt gjennom nestekjærleik, inklurderande fellesskap, vern om skaparverket og kampen for rettferd.”
Plan for diakoni i Den norske kyrkja (2008)

Denne definisjonen gir uttrykk for ei ønskt retning for diakonien i åra framover.
Dei konkrete, lokale planane må byggje på desse momenta og lagast med utgangspunkt i lokale behov, ressursar og mogelege samarbeidspartar.

Diakonien er ei teneste for medmennesket og skaparverket og ei teneste for Gud. Denne heilskapstenkinga har konsekvensar for gudstenestelivet og for opplæring i kristen tru.

Alle blir utfordra til eit kvardagsliv i teneste. Det gjeld alle aldersgrupper. Diakonien er ein grunntone i alt som skjer i kyrkjelyden, og blir konkretisert i eigne tiltak. Diakonien har eit spesielt ansvar der få eller ingen bryr seg. Det grunnleggjande er gjensidig teneste og vørdnad for kvarandre.

Nestekjærleik omfattar alle sider ved mennesket. Det er periodar i livet der ein har evne og høve til å gi, andre gonger treng ein å få. Inkluderande fellesskap er eit viktig uttrykk for medmenneskeleg omsorg i kyrkja. Bibelen omtaler dette fellesskapet som ein kropp med mange ulike lemmer og funksjonar (1. Kor 12).

Globaliseringa utfordrar diakonien spesielt. Menneske som lid, vedkjem oss anten dei er nær eller held til i andre land. Vern om skaparverket handlar om eit globalt og eit lokalt ansvar.


Miljø og rettferd
– ”samandrag” frå Plan for diakoni i Den norske kyrkja

Vern om skaparverket er ein del av Guds forvaltaroppdrag. I dag er det synleg at skaparverket – mange dyre- og planteartar og heile økosystem – er trua på ulike måtar gjennom menneskeleg aktivitet og grådig ressursbruk. Oppfatninga av mennesket som herre og herskar over naturen må korrigerast. Målet er glede og takksemd over å vere ein del av det økologiske fellesskapet i skaparverket. Dette fører til tydeleg tale i samfunnet og til konkret handling i eige liv.

Kampen for rettferd inneber å stille seg ved sida av medmennesket, ikkje som passiv tilskodar, men i aktivt engasjement. Mennesket lever i og er avhengig av strukturane i samfunnet. Verdsfemnande system er med og styrer livet vårt. Derfor er det nødvendig å klargjere årsakene til menneskeleg naud og liding, arbeide for å endre det som gjer at ein ikkje får slutt på naudsituasjonen, og skape nytt livsgrunnlag. Å vise solidaritet er å ta opp kampen og arbeide for rettferd og fred.


Diakoni, med Jesus som førebilete
– ”samandrag” frå Plan for diakoni i Den norske kyrkja

Det er ei sentral side av det kristne menneskesynet at vi er skapte i Guds bilete til å vere medmenneske. Vi er avhengige av kvarandre og alt anna som lever. Vi er skapte til å tene kvarandre, til å ha omsorg for kvarandre. Samtidig er heile skaparverket avhengig av at menneska tek forvaltaransvaret sitt på alvor. Med utgangspunkt i trua på Gud har vi ansvar for verda.

Evna til å gjere det gode er lagd ned i alle menneske (Rom 2,14). Hos den som trur på Kristus, er trua verksam i kjærleik (Gal 5,6). I dåpen får vi del i Kristus og blir ein del av den verdsvide kyrkja. Alle døypte er kalla til å syne omsorg for medmenneska sine – å vere eit ”våpen for det som er rett” (Rom 6,13). Som Kristus elskar oss, skal vi elske kvarandre og syne omsorg for kvarandre som medmenneske.

Den Heilage Ande gir tru og rettleiing til eit liv i fellesskap og teneste. Anden gir styrke i motgang, uthald i tenesta og håp for morgondagen.

Diakoni er både å vere og å gjere. Diakoni er ein del av det å vere eit truande menneske. Slik Kristus gav seg sjølv for oss, skal vi gi livet vårt til andre (1. Joh 3,16). Det er å vere prega av miskunn (Luk 6,36). Diakonien er forankra i og sameina med Guds forsoningsverk i Kristus. ”For i han ville Gud la heile sin fylde bu, og ved han ville Gud forsona alt med seg, det som er i himmelen, og det som er på jorda, då han skapte fred ved hans blod på krossen” (Kol 1,19–20).

Å gjere trua verksam i handling, inneber å spørje om att og om att: ”Kven er nesten min?” (Luk 10,29–37, forteljinga om den miskunnsame samaritanen). Det er òg å stille seg til disposisjon både som fellesskap og enkeltperson, og spørje: ”Kva vil du eg skal gjere for deg?” (Luk 18,41) og å oppsøkje marginaliserte, sjuke, svoltne, tørste og isolerte (Matt 25,35 ff).



TOÅRSPLAN FOR VARTDAL KYRKJELYD 2009– 2010

- hovudmålsetjing -
Styrkje og fremje diakonal haldning og handling i Vartdal sokn,
og gjennom diakonale tiltak synleggjere
Guds kjærleik og omsorg for menneske.


1. MATERIELT LIVSGRUNNLAG OG SOSIAL RETTFERD

Sentralt i den kristne trua er at alle menneske har lik verdi og derfor har same rett til liv. Dette inneber at alle må verte sikra tilgang til dei materielle goda som er naudsynte for å oppretthalde livet, vern om skaparverket og kamp for rettferd og fred.

Delmål:
- Opne for å sjå, førebyggje og avhjelpe andre si naud, både lokalt og internasjonalt.
- Syne solidaritet med andre menneske og bevisstgjere kyrkjelyden på internasjonal diakoni.
- Fremje etisk forbruk og rettferdig handel, og utfordre til vern og omsorg for skaparverket.

a) Oppgåve Kyrkjelydens misjonsprosjekt: Hjelp Kola (Norges Samemisjon)
Målsetjing Støtte misjons- og hjelpearbeid for andre menneske (to offer i året + ev. til dette prosjektet)
Framdrift Kontinuerleg. Aktuelle tiltak:
Ressursar Heile kyrkjelyden. Misjonskonsulten i bispedømet. Odd Jarle Osborg i Norges Samemisjon.
Ansvarleg Soknerådet

b) Oppgåve Internasjonal diakoni: Fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp
Målsetjing Samle inn pengar og engasjere konfirmantar og frivillige til innsats for menneske i naud
Framdrift Årleg aksjon i fastetida
Ressursar Konfirmantar, tilsette, frivillige og ev. ulike aksjonskomitear
Ansvar Soknerådet / kateket

c) Oppgåve Arbeide for å verkeleggjere idealet om ein grøn kyrkjelyd
Målsetjing Handle grønt og setje søkjelys på miljø, forbruk og vårt forvaltaransvar for skaparverket, gjennom tiltak i kyrkjelyden, i aviser og i andre samanhengar i samfunnet. Miljøfyrtårnsertifisering.
Framdrift Kontinuerleg
Ressursar Lokalt/på prostiplan / diakonirådgivar / nettverk for miljø, forbruk og rettferd i Møre bispedømme
Ansvarleg Sokneråd / diakon / kyrkjeverje

d) Oppgåve Setje søkjelys på rettferd og folk som lid naud
Målsetjing Fremje rettferdig handel mellom nord og sør, og kjøpe rettferdige varer når det er råd.
Arrangere solidaritetsgudstenester/-aksjonar t.d. v/diakoniens søndag.
Framdrift Kontinuerleg
Ressursar Lokalt / samarbeid på prostiplan / med diakonirådgivar
Ansvarleg Diakon, kyrkjeverje, sokneråd
2. KONTAKT OG FELLESSKAP

Grunnleggjande i den kristne trua er at vi er skapte til fellesskap. Det er i fellesskap med andre vi høyrer heime og finn vår identitet. Likevel kan mange, i sterkare eller mindre grad, oppleve framandgjering og mangel på relasjonar i nærmiljøet.

Delmål:
- Gi omsorg til menneske ikring oss og bidra til at grunnleggjande behov for kontakt og fellesskap vert dekte.
- Lage gode møteplassar og styrkje fellesskapet både i gudstenesta og i kyrkjelydsarbeidet generelt.
- Inspirere til teneste.

a) Oppgåve Barne- og ungdomsarbeid
Målsetjing Ulikt arbeid som gir opplæring og inkluderande kristent fellesskap for born og unge i kyrkjelyden.
Tilsetje ein eigen barne- og ungdomsarbeidar.
Framdrift - Onsdagsklubben (Søndagsskuleforbundet) på Vartdalstranda (4 – 12 år),
éin onsdag i månaden
- Barnekor (Nordre Vartdal)
- Ungdomsklubben på Vartdalstranda kvar 14. dag, for ungdom 12+ (Barstadvik)
- Ten Sing-gruppe med kor, dans og drama.
Samarbeid Ørsta og Volda. Øving kvar tysdag på Uppheim i Volda
- Sjå elles Dåpsopplæringsplanen (etter kvart Trusopplæringplanen, 0 – 18 år) for Den norske kyrkja
og ev. planar for Vartdal sokn, for fleire detaljar
Ressursar Tilsette / frivillige
Ansvarleg Tilsette, sokneråd, frivillige

b) Oppgåve Samlingar og møtepunkt for heile kyrkjelyden
Døme: kyrkjelydsfest / salme- og songkveldar / ”open kyrkje”, torsdagar
Målsetjing Samlingar som inkluderer og styrkjer fellesskapet i kyrkjelyden, som t.d. gudstenester m.m.
Framdrift Sjå gudstenestelista, annonser og plakatar
Ressursar Tilsette / sokneråd / frivillige
Ansvarleg Prestar, diakon, sokneråd

c) Oppgåve Kyrkjevertar
Målsetjing Ønskje velkomen og gi hjelp og støtte til dei som kjem i kyrkja/dele ut salmebøker
Framdrift På alle gudstenester
Ressursar Frivillige / konfirmantar / sokneråd
Ansvarleg Sokneråd

d) Oppgåve Kyrkjekaffi / kyrkjemiddag
Målsetjing Styrkje fellesskapen i kyrkjelyden. Kyrkjekaffi / -middag i kyrkja, på kyrkjebakken e.l.
Framdrift Når det er familiegudsteneste / Diakoniens søndag
Ressursar Frivillige, kor, lag og organisasjonar
Ansvarleg Sokneråd

e) Oppgåve ”Ut på tur” / Friluftsgudsteneste (Gryttestøylen / Høgebakken og Grøvika)
Målsetjing Fellesskap ute i Guds frie natur
Framdrift Minst 2 gonger i året
Ressursar Frivillige
Ansvarleg Prestar, sokneråd

f) Oppgåve Diakoniens dag
Målsetjing Kyrkjelyden i fellesskap set fokus på diakoni og fellesskap. Offer til diakoniarbeid/-prosjekt denne dagen.
Framdrift Diakoniens dag er i utgangspunktet 14. søndag etter pinse, men kan leggjast til andre søndagar
Ressursar Frivillige
Ansvarleg Diakon, sokneråd



g) Oppgåve Føremiddagstreff
Målsetjing Samle 60+ og andre som har høve til hyggjeleg samvær og fellesskap, på føremiddagstid.
Framdrift når det høver, gjerne i samaband med ”open kyrkje”, torsdagar
Ressursar Frivillige.
Ansvarleg Prest / diakon

h) Oppgåve Kontakt og fellesskap i kyrkjelyden
Målsetjing Ei open og inkluderande kyrkjelyd. Ta kontakt med eller besøke kvarandre, særleg ”nye” i kyrkjelyden
Framdrift Ved behov
Ressursar Tilsette/sokneråd/frivillige
Ansvarleg Diakon, prestar, sokneråd

i) Oppgåve Mindre einingar/fellesskap: Foreiningar /husfellesskap /Alpha-grupper /opne bibelgrupper /cellegrupper
Målsetjing Oppmuntre til bibelgrupper/husfellesskap/foreiningar som er inkluderande, der deltakarane kan støtte kvarandre og gi hjelp til kristen tru og liv i kvardagen.
Framdrift - D.N. Sjømannsmisjon – Nordre
- D.N. Sjømannsmisjon – Søre
- NMS, misjonsforeining
- med meir
Ressursar Frivillige / organisasjonar
Ansvarleg Ulike ansvarlege leiarar, prestar, diakon, kateket, sokneråd



3. SJELESORG

Grunnleggjande i den kristne trua, er at mennesket er skapt til fellesskap med Gud. Sjelesorg er omsorg for mennesket sitt forhold til Gud. Viktig her er også forholdet til seg sjølv og til andre.

Delmål:
- Alminneleggjere sjelesorga og heve kompetansen på sjelesorg i kyrkjelyden.
- Gi menneske hjelp til å leve med si smerte og vere med å snakke sant om at livet kan vere både godt og vondt.
- Lytte, samtale og hjelpe menneske inn i kyrkjelydslivet, til eit trygt og tillitsfullt forhold til Gud.
- Leggje til rette for fordjuping i relasjonen til Jesus.

a) Oppgåve Bøn / Forbøn i gudstenesta
Målsetjing Alle i kyrkjelyden vert oppfordra til å melde behov for forbøn. Dette kan takast med under forbøna i gudstenester eller på andre måtar. Bruke og oppfordre til bruk av lysgloben
Framdrift Kasse til å leggje bøneemne i.
Ressursar Prestar / bønegruppe / sokneråd
Ansvarleg Prestar, kyrkjetenar

b) Oppgåve Forbønskort for konfirmantar
Målsetjing Omslutte konfirmantane med forbøn
Framdrift Ein gong i året
Ressursar Frivillige
Ansvarleg Kateket

c) Oppgåve Kirkens SOS
Målsetjing - Informere om Kirkens SOS. Vartdal sokneråd er medeigar i Kirkens SOS, og dette er såleis del av kyrkjelyden sitt arbeid. Her også å rekruttere frivillige medarbeidarar.
Framdrift Informere i samband med ofring til Kirkens SOS og ved andre samlingar i kyrkjelyden. Kyrkjespalta.
Ressursar Utsending til representantskapet/årsmøtet til Kirkens SOS. (Ev. i samarbeid med andre sokn i Ørsta.)
Ansvarleg Prestar og diakon


d) Oppgåve Oppfølging av etterlatne/Sorggrupper
Målsetjing Tilbod til etterlatne om samtale og ev. sorggruppe.
Framdrift Ved behov. Sende brev og ringje til dei som har mist ektefelle (diakon).
Ressursar Prestane, diakonen og ev. tidlegare gruppedeltakarar. Prostisamarbeid/samarbeid med andre sokn
Ansvarleg Prestar, diakon

e) Oppgåve Samtalegrupper ved samlivsbrot
Målsetjing Følgje opp i samband med separasjon og samlivsbrot.
Framdrift Ved behov.
Ressursar Prestane, diakonen og ev. tidlegare gruppedeltakarar. Prostisamarbeid/samarbeid med andre sokn
Ansvarleg Soknepresten

f) Oppgåve Open kyrkje på dagen før helgemesse
Målsetjing Folk skal ha høve til å søkje kyrkja for bøn og stille, dagen før helgemesse, når mange vitjar gravene
Framdrift Dagen før helgemesse
Ressursar Soknerådet / Frivillige
Ansvarleg Sokneråd, diakon

g) Oppgåve Gudsteneste for etterlatne helgemessesøndag, ev. med kyrkjekaffi
Målsetjing Ei gudsteneste der dei som har døydd sidan førre helgemesse, vert nemnde, og der ein ber for dei etterlatne.
Framdrift Kvar helgemessesøndag
Ressursar Diakon / sokneråd
Ansvarleg Prestar / diakon / sokneråd


4. HELSE- OG OMSORGSARBEID
Omsorg for sjuke og trengande er på ein særleg måte framhalde i Det nye testamentet som ein del av oppdraget til kyrkja. Det er viktig for diakonien å vere med i arbeidet for at menneske som lid, får den omsorg og pleie dei har behov for.

Delmål:
- Syne omsorg i form av besøk, samtale, forbøn, samarbeid og beredskap.

a) Oppgåve Hjelpetiltak under gudstenesta
Målsetjing Leggje til rette/hjelpe rullestolbrukarar, tunghøyrde etc.
Framdrift Soknerådet ser på praktiske tiltak i forhandlingar med kommune og fellesråd
Ressursar Ørsta fellesråd, Ørsta kommune
Ansvarleg Sokneråd

b) Oppgåve Kyrkjeskyss/ -fylgje
Målsetjing Gi tilbod om kyrkjeskyss og -fylgje til dei som av ulike grunnar ikkje eignar å kome til kyrkje eller vere åleine i kyrkja.
Framdrift Avtalte søndagar
Ressursar Frivillige kyrkjefylgjer
Ansvarleg Sokneråd

c) Oppgåve Andakt og besøk på Vartdal helsetun
Målsetjing Halde kontakta med Vartdal helsetun og samle til andakt.
(Nattverdsgudsteneste, gjerne ein gong i halvåret.)
Framdrift Ein gong i veka, tysdagar.
Ressursar Prestar / diakon / frivillige
Ansvarleg Diakon

d) Oppgåve Skuleklasser på Vartdal helsetun
Målsetjing Møte mellom generasjonar, til gjensidig glede og auka forståing
Framdrift 1 – 2 klasser vitjar Vartdal helsetun før jul (eller påske). Helestunet har bussar.
Ressursar Samarbeid med skulane
Ansvarleg Diakon
e) Oppgåve Besøksteneste
Målsetjing Besøk der folk er, til sjuke, einsame eller av andre grunnar. Ev. oppfølging og kursing av besøkarar.
Framdrift Ved behov. (Opplyse om besøksteneste i kyrkjespalta eller andre stader.)
Ressursar Tilsette og frivillige / pårørande / andre organisasjonar som t.d. Røde kors
Ansvarleg Sokneråd, diakon, prestar

g) Oppgåve Einslege, unge mødrer
Målsetjing Vere lokal støtte for AAN-kontoret (i Volda), t.d. skaffe barnevakt eller besøksheim.
Framdrift Gi informasjon under gudstenesta ved ofring til AAN og gjere det kjent gjennom kyrkjespalta.
Ressursar Familiar og einskilde i kyrkjelyden.
Ansvarleg Soknerådet

_______________________________________________________________________________________

SATSINGSOMRÅDE FOR TOÅRSPERIODEN 2009 - 2010:

- 2a) Barne- og ungdomsarbeidar

- 2b) Salme- songkveldar

- ”Open kyrkje”, torsdagar
...............................................................................................................................................................................


Vartdal, 30. oktober 2008





Kirsti Hånes Vartdal,
soknerådsformann
Knut Stave, diakon



"Gå i fred, ten Herren med glede!"

Kontaktinformasjon:
Knut Stave, diakon Tlf: 700 48644
e-post:
          ............................
Betty Søvik, diakon
Tlf: 700 48645
e-post:
 ...............................................
Lenkjer: Kirkens SOS..............................................

Adresse
Vikegata 5, 
6150 ØRSTA

Tlf: 70048640 
E-post til kontoret