Personvern

Personopplysninger

 

Meir om diakoni


Guds kjærleik til alle menneske og alt det skapte,

verkeleggjort gjennom liv og teneste.

(Visjon for den diakonale tenesta i Den norske kyrkja, 2008)

KVA ER DIAKONI?

– med utgangspunkt i Plan for diakoni i Den norske kyrkja, 2008

Dei konkrete, lokale planane må byggje på desse momenta og lagast med utgangspunkt i lokale behov, ressursar og mogelege samarbeidspartar:

”Diakoni er kyrkja si omsorgsteneste. Den er evangeliet i handling og blir uttrykt gjennom nestekjærleik, inklurderande fellesskap, vern om skaparverket og kampen for rettferd.”

(Plan for diakoni i Den norske kyrkja, 2008)


Hovudmålsetjing:
-
Styrkje og fremje diakonal haldning og handling i sokna, og gjennom diakonale tiltak synleggjere Guds kjærleik og omsorg for menneske.



Diakoni er kyrkja si omsorgsteneste…

Den Heilage Ande gir tru og rettleiing til eit liv i fellesskap og teneste. Diakoni er ei teneste for medmennesket og skaparverket og ei teneste for Gud. Denne heilskapstenkinga har konsekvensar for gudstenestelivet og for opplæringa i kristen tru.

Alle blir utfordra til eit kvardagsliv i teneste. Det gjeld alle aldersgrupper. Diakonien må få vere grunntonen i alt som skjer i kyrkjelyden, men bli konkretisert i ulike tiltak. Diakonien har eit spesielt ansvar der få eller ingen bryr seg, med Jesus som førebilete.

…Den er evangeliet i handling…

Evna til å gjere det gode er lagd ned i alle menneske (Rom 2,14). Hos den som trur på Kristus er trua verksam i kjærleik (Gal 5,6). I dåpen får vi del i Kristus og blir ein del av den verdsvide kyrkja. Alle døypte er kalla til å syne omsorg for medmenneska sine, og vere eit ”våpen” for det som er rett (Rom 6,13). Som Kristus elskar oss, skal vi elske kvarandre og syne omsorg for kvarandre som medmenneske.

Diakoni er både å vere og å gjere. Diakoni er ein del av det å vere eit truande menneske. Slik Kristus gav seg sjølv for oss, skal vi gi livet vårt til andre (1. Joh 3,16). Det er å vere prega av miskunn (Luk 6,36). ”For i han ville Gud la heile sin fylde bu, og ved han ville Gud forsona alt med seg, det som er i himmelen, og det som er på jorda, då han skapte fred ved hans blod på krossen” (Kol 1,19–20).

…og blir uttrykt gjennom nestekjærleik,…

Å gjere trua verksam i handling, inneber å spørje om att og om att: ”Kven er nesten min?” som i forteljinga om den miskunnsame samaritanen (Luk 10,29-37). Det er òg å stille seg til disposisjon både som fellesskap og enkeltperson, og spørje: ”Kva vil du eg skal gjere for deg?” (Luk 18,41) og å oppsøkje marginaliserte, sjuke, svoltne, tørste og isolerte (Matt 25,35 ff).

…inkluderande fellesskap,…

Det er ei sentral side av det kristne menneskesynet at vi er skapte i Guds bilete til å vere medmenneske. Vi er skapte til å tene kvarandre og til å ha omsorg for kvarandre. Inkluderande fellesskap er eit viktig uttrykk for medmenneskeleg omsorg i kyrkja. Bibelen omtaler dette fellesskapet som ein kropp med mange ulike lemmer og funksjonar (1. Kor 12).

…vern om skaparverket,…

Vi er avhengige av kvarandre og alt anna som lever. Samstundes er heile skaparverket avhengig av at menneska tek forvaltaransvaret sitt på alvor. Med utgangspunkt i trua på Gud har vi ansvar for verda (1Mos 1,26-2,15).

Vern om skaparverket handlar om eit globalt og eit lokalt ansvar, og er ein del av Guds forvaltaroppdrag (1Mos 2,15). I dag er det synleg at skaparverket er trua på ulike måtar gjennom menneskeleg aktivitet og grådig ressursbruk. Oppfatninga av mennesket som herre og herskar over naturen må korrigerast. Målet er glede og takksemd over å vere ein del av det økologiske fellesskapet i skaparverket.

…og kampen for rettferd.

Menneske som lid, vedkjem oss anten dei er nær eller held til i andre land (t.d. Matt 25,34ff). Kampen for rettferd inneber å stille seg ved sida av medmennesket, ikkje som passiv tilskodar, men i aktivt engasjement. Verdsfemnande system er med å styre liva våre. Derfor er det naudsynt å klargjere årsakene til menneskeleg naud og liding. Å vise solidaritet er å ta opp kampen og arbeide for rettferd og fred.

...................................................................................................................


"Gå i fred, ten Herren med glede!"

Kontaktinformasjon:
Knut Stave, diakon Tlf: 700 48644
e-post:
          ............................
Betty Søvik, diakon
Tlf: 700 48645
e-post:
 ...............................................
Lenkjer: Kirkens SOS..............................................

Adresse
Vikegata 5, 
6150 ØRSTA

Tlf: 70048640 
E-post til kontoret