Personvern

Personopplysninger

 

Roy-Arne Folkestad med bok om sorg

Roy-Arne Folkestad med bok om sorg

Roy-Arne Folkestad frå Ørsta har gitt ut boka

”Han er ein luring, denne Jesus”.

21 historier om å miste eit barn

Bakgrunnen for bokskrivinga var at Folkestad sommaren 2008 miste sonen David (snart 17 år) i ei mopedulykke i Hovdebygda. Brått vart det stilt på rommet til ein livleg og aktiv gut. Brått slutta det å ringje på døra. Kvardagen til familien vart endra mykje og sorga var nesten ikkje til å bere.

- Eg har skrive boka m.a. fordi eg har erfart, både gjennom eigne opplevingar, og gjennom det andre har fortalt, at det er mykje dårleg kunnskap kring sorg etter at ein mister barnet sitt.

I boka prøver Folkestad, til dagleg journalist i Møre-Nytt, å gi svar på ein del spørsmål rundt sorg, sakn og smerter. Han har hatt samtalar med tapre bidragsytarar og har intervjua mødre, fedre og par på Sunnmøre. Det har vore sterke møte. Felles for alle er at dei har opplevd det verste: Å miste barnet sitt.

- Å miste eit barn sitt er det verste som kan hende eit menneske. Eg håper boka kan bidra til større kunnskap om sorg etter tap av barn. Inga sorg er lik, og det finst ingen fasit for korleis ein skal sørgje, erfarar Folkestad.

Sjølv om folk sørgjer på kvar sine måtar, er det også likskapstrekk i sorgbiletet, seier Folkestad: Energinivået vert lågare, ein slit ofte med søvnproblem og depresjon – og angst over å miste endå fleire barn.

- For meg har den spontane gleda som eg før hadde forsvunne. Eg har på ein måte eit flatt batteri. Og eg har for alltid fått eit arr i sjela. Lengten etter barnet som manglar vil vere der kvar einaste dag. Likevel er det også slik at det går an å reise seg att og få eit god liv sjølv om ein har eit barn for lite. Dette viser berre for ein unik mekanisme menneskekroppen og sinnet har.

Roy-Arne Folkestad erfarar at mange trur sorga går over etter nokre få år.

-Sorgbiletet kan vere slik. Men det er også slik at sorga faktisk kan verte sterkere etter nokre år enn den første tida.

Folkestad har snakka med foreldre som framleis gret over barnet sitt, sjølv om det kanskje er tjue år sidan barnet deira døydde.

-Nokre kjem aldri tilbake i arbeid og kjenner kvar einaste dag som tung og vanskeleg.

Folkestad skriv i boka også si eiga historie om tida før og etter han miste David som sprang ut døra ein fin sommardag, men som aldri kom heim. Han var på mopedtur med kameraten og dei hamna i ei elv. David døydde momentant.

Fotograf Ma Ortiz har teke portrettbilete av alle intervjuobjekta. Boka er gitt ut på eige forlag.

Desse med i boka ”Han er ein luring, denne Jesus”:
Lina Aasmo, Volda/Brandal
Arne Halkjelsvik, Volda
Laila Parr og Finn Myklebust, Ørsta
Merete Nybø og Kenneth Sande, Ørsta
Jorunn og Hermann Vatne, Ørsta
Toril Standal, Langevåg
Liv og Asbjørn Ramselien, Ålesund
Kjell Martin Overaa, Liabygda
Linda Haddal Røssevoll, Hareid
Solbjørg Hansen, Valderøya
Oddfrid Jonsen, Sula
Astrid Frantzen Hasfjord, Fosnavåg
Stine Nilsen, Skjode
Kjellaug Bruland, Åheim
Toril Kjøllestad Kriken, Åheim
Randi og Sverre Remøy, Ålesund
Tordis Urke, Stranda
Lillian og Oskar Grimstad
Bente Westre, Ørsta.
Møyfrid Lillenes, Volda
Roy-Arne Folkestad, Ørsta

Boka er til sals i bokhandlarar på Sunnmøre. Prisen er 300;-

Også på haugenbok.no


Kilde: Møre Nytt

Adresse
Vikegata 5, 
6150 ØRSTA

Tlf: 70048640 
E-posttil kontoret