Kjære foreldre til 6-åring
Du får dette brevet sidan du har eit barn som startar på skule i haust. Barnet ditt er heilt førsteklasses og dette har vi lyst å feire i kyrkja. Vi tenkjer at skulestart er ei så viktig hending i barnet sitt liv at vi vil sende med det ei velsigning.
Vi vil invitere dåkke til ein festsøndag i kyrkja 26. august. Inviter gjerne fadrar og/eller besteforeldre med på gudstenesta.
2018: Søndag 26. august kl. 1100 Gudsteneste i Vartdal Kyrkje. Borna tek del i gudstenesta. Dei skal gå i prosesjon og bere på kvar sin skulesekk. Hugs å ta med skulesekkJ. Etterpå vert det kyrkjekaffi for alle.
Etter gudstenesta frå kl. 13.00 – kl. 14.30: Samling i kyrkja med opplegg der vi mellom anna skal verte kjende med kvarandre og med litt av innhaldet i aktivitetsboka «Alle gode ting». Borna skal få ei t-skjorte .
Vi ynskjer at borna tek med seg ein matpakke til lunsjpausa.
I gudstenesta vert borna inkludert som medliturg (hjelper). Vil du vere medliturg møter du opp kl.10.00 på søndag slik at vi kan øve før gudstenesta.
Oppgåver borna kan ha som medliturg i gudstenesta er: tenne lys under forbøna, samle inn og bere fram offer. Ta med seg blomar heimefrå for å pynte på alteret.
Er noko av dette aktuelt gjer vel og skriv det i påmeldingseposten.
Påmelding per e-post: caroline.sefu@orsta.kyrkja.no innan 23. august.
Hjarteleg velkomne både barn og vaksne!
Helsing
Vartdal kyrkjelyd v/ Ruth Eva prest og Caroline kateket.
Eg faldar mine hender små i takk og bøn til deg. Lat alle barn i verda få det like godt som eg.
Vern alle med di sterke hand mot fattigdom og død. Og hjelp små born i alle land og gje dei dagleg brød.
Lat ikkje krig og svolt og sott få rive lukka ned. Lat alle leve trygt og godt, i fridom og i fred
Adresse: Vikegata 5, 6150 ØRSTA
Tlf: 70048640 E-posttil kontoret