Misjonsmesse i Ørsta Messe til inntekt for Ørsta Kyrkjelyd sitt MisjonsprosjektLaurdag 10.november kl 11-16, ynskjer Ørsta Kyrkjelyd velkommen til Misjonsmesse på Kulturhuset.På biletet: lefsedugnad Som nok mange kjenner til, er prosjektet knytta opp til arbeid dreve i samarbeid med Det NorskeMisjonsselskap(NMS) og Den evangelisk lutherske kyrkja i Thailand.Saman ynskjer ein å vise Guds kjærleik i ord og handling.Ein ynskjer å gi barn og unge som bur i fattigområde ein bedre start i livet ved å gi dei høve til å gå påskule og få seg utdanning.Der er også tilbod om fritidsaktivitetar i eit trygt og rusfritt miljø,der ein bla kanfå musikkundervisning,spele data og få bibelundervisning.Ein heim for unge einslege damer får også støtte via prosjektet.(Om ein går inn på nettsida til NMS,kan ein lese meir om arbeidet i Thailand) På messa kan ein få kjøpe lefser, litt julekaker og flott handarbeid. Cecilie Rø Drøpping kjem og har laga masse fint, så her kan ein kjøpe julegåver.Tombola, åresal og loddbok høyrer med, og det same gjer sal av mat.Som "vanlig" blir det både betasuppe og risengrynsgraut, kaker, svele, kaffi mm å få kjøpt.Markanytt redaktør Eirik Stave har gitt ut avis i år også, han vil også delta med musikkinnslag.Det blir info frå prosjektet ved Paul-Kristian Hovden og Arne Moltubak.På familiesamlinga kl 14, blir det sang av barnekora på måndagsklubben, misjonsinfo ved Arne prest og andakt av Paul-Kristian.Viss noken ynskjer å gi gevinstar, kan dei leverast på kyrkjekontoret.Velkommen til å støtte Ørsta Kyrkjelyd sitt misjonsprosjekt.EKMTekst til foto;Adventsløpar og handlenett laga av Cecilie Rø Drøpping Flott gjeng på lefsedugnadFramsida av Eirik Stave si avis "Markanytt". I år på 16 sider!