Invitasjon til Jordvenn JORDVENN-VENN MED HEILE SKAPARVERKETLaurdag 31.august inviterer vi deg som akkurat har starta i 2.klasse til vandring i ditt nærmiljø, med utsikt til din fjord og dine fjell. Du kan ta med foreldre/føresette.Plan: Oppmøte på parkeringsplassen ved skytebana i Sollidalen kl 10.30 Kjære Jordvenn!For du er vel det!? Veit du kva det betyr å vere Jordvenn?? Naturen er fantastisk. Ser du kor avansert og flott den er? Klarer vi å ta vare på skaparverket?Laurdag 31.august inviterer vi deg som akkurat har starta i 2.klasse til vandring i ditt nærmiljø, med utsikt til din fjord og dine fjell. Du kan ta med foreldre/føresette.Plan: Oppmøte på parkeringsplassen ved skytebana i Sollidalen kl 10.30. Vi går mot Helgehornet og tek fleire stopp undervegs. Kanskje kjem vi til toppen? Vi er truleg nede igjen til kl 14.30.Vi kjem til å snakke om kva det vil seie å vere ein jordvenn, sjå litt på kva vi finn i naturen, oppleve naturen, lese nokre ord frå Bibelen, stilletid, leik, ha det kjekt i lag, sjå på utsikta…Ta med: Kle deg etter veret - Fjellsko/støvlar/joggesko - Matpakke og drikkePåmelding: På epost til: hans.olav.saetre@orsta.kyrkja.noVi treng å vite: Namnet ditt - Namn på føresette - Mobilnummer og e-post til foreldre/føresettePåmeldingsfrist: Vi ønsker at alle sender påmelding innan onsdag 28.08. Slik at vi har tid til å planlegge.Vel møtt til tur i ditt nærmiljø!Helsing Caroline Sefu (kateket) og Hans Olav Sætre (trusopplærar)