Personvern

Personopplysninger

 

Oppstart av sorggruppe for foreldre som har mista eit barn

Å miste eit barn er noko av det tyngste og vondaste eit menneske kan oppleve. I tillegg til sorga og saknet, kan ein kjenne på mange andre kjensler og reaksjonar. Vi er ulike som menneske og som foreldre; det er ikkje uvanleg å ha ulikt tempo og behov i sorgprosessen. Å vere med i ei sorggruppe, gir høve til å treffe andre menneske med liknande erfaringar. Hensikta med ei sorggruppe er å forsøke å skape eit trygt rom, der ein kan dele tankar og kjensler, vise omsorg og støtte til kvarandre. Tanken er at dei som sjølve har lidd tap, er dei som best kan forstå sorga og tapet.  

Sorggruppa er i regi av Ørsta sokn og vil bli leia av sokneprest i Ørsta, Arne Moltubak, og sokneprest på Vartdal, Ruth Eva Sollie. Samlingane vil føregå i Ørsta våren 2020, men er open for alle på Søre Sunnmøre. Det er endå nokon ledige plassar. Gruppa er open for alle som har mista eit lite barn, ein ungdom eller ein ung vaksen. 

Første samling blir etter avtale, i desember 2019 eller januar 2020. Det er planlagt fem samlingar i løpet av våren 2020. 

Ved interesse eller spørsmål, ta kontakt på e-post eller mobil: 

Arne Moltubak, mob. 90674947 og e-post: arne.moltubak@orsta.kyrkja.no 

Ruth Eva Sollie, mob. 98059751 eller e-post: ruth.eva.sollie@orsta.kyrkja.no

 


"Gå i fred, ten Herren med glede!"

Kontaktinformasjon:
Knut Stave, diakon Tlf: 700 48644
e-post:
          ............................
Betty Søvik, diakon
Tlf: 700 48645
e-post:
 ...............................................
Lenkjer: Kirkens SOS..............................................

Adresse
Vikegata 5, 
6150 ØRSTA

Tlf: 70048640 
E-post til kontoret