Personvern

Personopplysninger

 

Ledig stilling


DEN NORSKE KYRKJA

Ørsta kyrkjelege fellesråd


Det er for tida ikkje ledig stilling i kyrkjene i Ørsta

.................................................

.................................................

Ørsta kyrkjelege fellesråd har ansvar for fire kyrkjesokn; Hjørundfjord, Storfjorden, Vartdal og Ørsta i Søre Sunnmøre prosti. Fellesrådet har 9,5 stillingar delt på 15 tilsette i tillegg til 3 prestar med teneste i fellesrådsområdet. Kyrkjeadministrasjonen med kontor for tilsette ligg i Ørsta sentrum.
Ørsta kommune finn du midt mellom Sunnmørsalpane, i Møre og Romsdal fylke. Med fjordar, dalføre og bratte fjell ligg det til rette for eit allsidig og variert friluftsliv heile året. Kommunen har om lag 10500 innbyggarar, der om lag 7000 bur i Ørsta sentrum. Kommunen har eit allsidig næringsliv, med jordbruk, fiske og industri. Saman med Volda utgjer Ørsta eit senter med 20.000 innbyggarar. Her finn du vidaregåande skular, høgskule, sjukehus, og regional lufthamn med fleire daglege avgangar til Sogndal/Bergen og Oslo. Ørsta har eit rikt kulturliv. Det finns om lag 350 lag og foreiningar i kommunen, og desse gjev ei stor bredde i tiltak og tilbod. I Hovdebygda finn ein òg nasjonalt senter for nynorsk språk og skriftkultur, Ivar Aasen tunet.

 

___________________________________________________________________

 

 
  • Nøkkelinformasjon: 
  • Kontaktinfo:Arnstein MyklebustKyrkeverje/Dagleg leiar90 61 52 96 /700 48 646
  • Søkjekriterium:
  • Arbeidsstad:Vikegata 5, 6150 Ørsta
    Vis arbeidsstaden på eit større kart
  •  

    ...............................................................................................................................



    Ledig stilling i trusopplæringsteamet

    Ledig stilling som

    Kateket/kyrkjelydspedagog, vikariat 80% stilling

    Presentasjon av stilling:

    Vikariat 80% stillingmed varigheit til 31.12.2022for snarleg tilsetjing.

    Teneste i Ørsta fellesrådsområdemedkontorfelleskapi Ørsta sentrum saman med resten av kyrkjestaben.

    → Les mer

     

     

    Søre Sunnmøre prosti omfattar kommunane Ørsta, Volda, Hareid, Herøy, Ulstein, Vanylven 
    og Sande med til saman 19 sokn og ca 43.500 medlemer 

    i Den norske kyrkja. Det er 15 prestestillingar i prostiet fordelt på 
    tre samarbeidsområde. Hjørundfjord og Storfjorden sokn er del av eit 
    samarbeidsområde med 8 sokn som geografisk er omfatta av kommunane 
    Ørsta og Volda. Det er 6 prestar i samarbeidsområdet.


    Den kyrkjelege administrasjonen i Ørsta er samlokaliset på kyrkjekontoret i Ørsta. 
    Staben består, i tillegg til dei tre prestane, av kyrkjeverje, kantor, diakon, kateket, 
    trusopplærar, kyrkjetenar og sekretær. Dei tre prestane i kommunen har kvar sine 
    kontor i kontorfellesskapet, men soknepresten i Hjørundfjord og Storfjorden 
    har også treffe- og samtalekontor i Hjørundfjord kyrkje. 

    Kyrkjelydane har også gode friviljuge medarbeidarar, og eit kyrkjelydsarbeid 
    med vekt på tiltak for born og unge.

    Ørsta kommune har 10 500 innbyggjarar og ligg i hjertet av Sunnmørsalpane. 
    Ørsta er ein kulturkommune med djupe åndelege og kulturelle røter knytt til namn 
    som Berte Kanutte Aarflot, Ivar Aasen og Anders Hovden. I Ørsta ligg òg Ivar Aasen – tunet 
    som er eit nasjonalt dokumentasjonssenter for nynorsk språk og kultur. 
    Ørsta kommune har eit rikt kulturliv med godt utbygd kulturskule og mange aktive 
    kor- og korps som og tek del i konsertar og gudstenester i kyrkja. 
    Les meir om Ørsta kommune her: www.orsta.kommune.no

    Kommunen har gode kommunikasjonar med ein halv times køyring gjennom 
    Eiksundtunnelen til kommunane Ulstein, Herøy, Hareid og ein times køyring til 
    Stryn gjennom den ny opna Kvivsvegen til Horningdal og Nordfjord. 
    Frå Ørsta er det 90 minuttars reisetid til Ålesund via ferje Festøy – Solevåg og 
    10 minutts køyring til Volda sjukehus og Høgskulen i Volda. 
    Ørsta/Volda Lufthamn Hovden har daglege flysamband med Bergen og Oslo. 



    Kontoret i Ørsta sentrum. Kontora ligg i 2. og 3. etasje i det kvite huset her.



    Prestebustaden på Sæbø i Hjørundfjord. For tida ikkje i stand. Presten i Hjørundfjord har difor ikkje buplikt.


    Hjørundfjord kyrkje, og skimtar prestebustaden bak hjørnet på kyrkja til høgre på biletet.


    Bjørke kyrkje med Hjørundfjorden i bakgrunnen.


    Den staselege prestebustaden i Ørsta.





    Ørsta kyrkje


    Vartdal kyrkje

    Per i dag er det ingen
    prestebustad til spr. i Vartdal.


    Leiar i Ørsta kyrkjelege fellesråd:

    Gudny Fagerhol





     Vil du gi ei gåve til kyrkjene i Ørsta? 

    Vipps #503139 eller kontonr: 3992.04.04654    Merk: Gåve til kyrkjelyden.