Personvern

Personopplysninger

 

Treng du nokon å snakke med?

Treng du nokon å snakke med?
Vi på Ørsta Kyrkje-kontor fylgjer med på spreiinga av koronaviruset i landet vårt generelt og i lokalsammfunnet spesielt. Det er vanskelig å finne ord for situasjonen slik den er no. På Kyrkjekontoret er vi tilgjengelige og vil gjerne vere til stades også i ei krisetid som dette for å hjelpe alle som er berørt på ulikt vis.

 Men det vil skjer på andre måtar enn det vi gjer til vanleg. Vi opplever at det er eit stort behov for kontakt og støtte i den situasjonen mange er oppe i, og vi forsøkjer å finne kreative løysningar for å støtte kvarandre. Alle må tenkje alternativt i forhold til korleis vi kan tilby fellesskap, bønn og samtale til dei som ynskjer det. Vi vil fortsette å formidle budskapet om Guds kjærleik sjølv om vi ikkje kan møtast og utføre tenester i større forsamlingar. COVID-19 viruset utfordrar oss til å finne praktiske løysingar til diakonalt arbeid i kyrkjelyden. Slik situasjonen er no, prioriterer vi å ta kontakt med menneska i kyrkjelydane våre via telefon og andre media.

Det er viktig at vi som er unge og friske bidreg til å hjelpe dei som har spesielle behov, i denne spesielle tida. Vi i Kyrkja ynskjer på denne måten å strekke ut ei hand til dei som ynskjer ein person å samtale med om den situasjonen dei er i. Vi vil understreke at sjølv om vi ikkje får vere sammen fysisk, kan vi likevel vise omsorg til kvarandre gjennom telefonkontakt, Facetime, Skype, WhatsAp osv. Det er mogleg å gjere ting i lag på avstand, f. eks. felles bønn, samtale, råd om matlaging og andre aktivitetar. I denne krisetida må vi finne kreative måtar å kommunisere med kvarandre og støtte kvarandre på, særleg overfor dei mest utsatte i samfunnet vårt.

Tilsette på Kyrkjekontoret er tilgjengelig for samtaler på ulike måtar. Ved å stille oss til disposisjon håper vi også å avlaste dei allereie belasta helseinstitusjonane hvis ein treng nokon å snakke med om saker som ikkje er direkte medisinsk relatert. Diakonane og prestane i Kyrkja er utdanna til å handtere vanskelege personlege situasjonar og åpne for samtalar. Ta kontakt på telefonnummer 70048640 eller e-post. Våre epost addresser finn ein på heimesida vår www.iKyrkja.no. Ein kan og sende e-post til postmottak@orsta.kyrkja.no.

Det er ikkje sikkert ditt behov er kjempestort, men vi ynsker folk velkomne til nytte seg av vår hjelp. Be om forbønn dersom ein ynskjer det. Vi ynskjer dykk alt godt og Guds velsignelse midt opp i alt! 

Diakon Betty Søvik

Adresse
Vikegata 5, 
6150 ØRSTA

Tlf: 70048640 
E-post til kontoret



"Gå i fred, ten Herren med glede!"

Kontaktinformasjon:
Knut Stave, diakon Tlf: 700 48644
e-post:
          ............................
Betty Søvik, diakon
Tlf: 700 48645
e-post:
 ...............................................
Lenkjer: Kirkens SOS..............................................