Personvern

Personopplysninger

 

Opptak til Tårnagent 2021

Opptak til Tårnagent 2021

Kjære 3.klassing og foreldre/føresette:

Opptak til Tårnagent! 2021

Det er tid for Tårnagentoppdrag.Vi har nokre mysterier å løyse.Kven er det som går rundt kyrkja med ein pose frø og kva er det han vil?

Vi treng nokon som er klar til å bruke sansane sine og finne ut av dette. Kanskje kan akkurat du hjelpe oss til å løyse dette og andre mysterier som vi ikkje har forklaring på?

Tårnagentar har brukt å møtes inne i kyrkja og finne gøymde symboler i kyrkjerommet, løyse oppdrag og mysterier og klatre opp i tårnet for å inspisere der. På grunn av korona kan vi ikkje samle mange barn frå ulike skular og kohorter til Tårnagenthelg i kyrkja.

Likevel kryr det av mysterier rundt kyrkjebygget og opp i kyrkjetårnet med si digre klokke. Vi treng sårt nokon som kan hjelpe oss, gå løype og løyse mysteria. Dette er hemmelige oppdrag og vi vil kun agentane som deltek skal vite om dette.

Melde du deg på skal du får du oppdraget med vidare innstruks i ein pakke. Send ein hemmelig e-post til Agent 001 på caroline.sefu@orsta.kyrkja.no innan søndagskveld 21.februar og vent på svar.

Mandag 22. kjem det e-post tilbake med beskjed om kva du må gjere.

Til foreldre/føresette: 
Tårnagenthelg skal vere for alle 3.klassingar som har lyst! 
Viss dykkar barn treng tilrettelegging av noko slag, må de gje beskjed slik at vi i fellesskap kan kome fram til gode løysingar.

Vi tek oppdraget puljevis den 24. februar.

Adresse
Vikegata 5, 
6150 ØRSTA

Tlf: 70048640 
E-posttil kontoret


Eg faldar mine hender små
i takk og bøn til deg.
Lat alle barn i verda få det like godt som eg.

Vern alle med di sterke hand mot fattigdom og død. Og hjelp små born i alle land og gje dei dagleg brød.

Lat ikkje krig og svolt og sott få rive lukka ned. Lat alle leve trygt og godt, i fridom og i fred