Ledig stilling: Organist Vikariat: Organist/kyrkjelydsmusikarØrsta kyrkjelege fellesråd Søk på stillingaVikariat frå 1.september 2021 til 28 februar.2022, i 100% stilling.Teneste i Ørsta fellesrådsområde med utgangspunkt i kontorfelleskap saman med resten av kyrkjestaben i Ørsta sentrum. ArbeidsoppgåverKantor/ kyrkjelydsmusikar skal gjere teneste ved gudstenester og kyrkjelege handlingar, leggje til rette for frivillige i kyrkjemusikkarbeidet og samarbeid med musikklivet i bygdene. Kantor/ kyrkjelydsmusikar er med på stabsmøte og tek del i teamarbeid i kyrkjestaben. Kantor driv i dag to kor, Ørsta kyrkjekor og Hjørundfjord barnekor, og det er eit krav er at søkjar kan dirigere desse kora.Ønska kvalifikasjonar:Vi ynskjer ein person med godkjent kantorutdanning i hht tenesteordning for kantorar, eller med anna relevant utdanning/erfaring innan kyrkjemusikk. Vi ynskjer oss ein allsidig og kreativ kantor, med erfaring fra kor- og konsertverksamheit samt erfaring fra arbeid med born og unge. Søkjar må vere medlem av Den norske kyrkja og disponere eigen bil.Personlege eigenskaparVi ynskjer ein allsidig kantor/kyrkjelydsmusikar, med erfaring frå korarbeid. Vedkomande må kunne arbeide godt sjølvstendig og i samarbeid med andre. Personlege eigenskapar vert vektlagde. Politiattest må kunne framleggast i henhald til kyrkjelova § 29.Vi tilbyrMe kan tilby eit godt arbeidsfelleskap saman med løna og uløna medarbeidarar, engasjerte sokneråd i aktive kyrkjelydar og godt samspel med andre lag og organisasjonar i kommunen.Tilsettingsvilkår og løn etter gjeldande tariff og avtalar. Alt om stillinga:https://3994483908.webcruiter.no/Main/Recruit/Public/4403842550?language=nn&showExpired=False Søknadsfrist:30.06.2021 Arbeidsgivar:Ørsta kyrkjelege fellesråd Stad:Ørsta Stillingstittel:Organist/kyrkjelydsmusikar Stillingar:1 Heiltid / Deltid:Heiltid Tilsetjingsform:Vikar Stillingsprosent:100 Webcruiter-ID:4403842550 Startdato:01.09.2021 Sluttdato:28.02.2022 .................................................