SIST KJENDE DIAKONIPLAN:
DIAKONIPLAN
MED
AKTIVITETSPLANAR
Hjørundfjord kyrkjelyd
2017
Guds kjærleik til alle menneske og alt det skapte,
verkeleggjort gjennom liv og teneste.
(Visjon for den diakonale tenesta i Den norske kyrkja, 2008)
Føreord
Diakoniplan for Hjørundfjord kyrkjelyd (2017) med aktivitetsplanar (2017)
I dåpen får vi del i Kristus og blir ein del av den verdsvide kyrkja. Diakoni er ein del av det å vere eit truande menneske. Alle døypte er kalla til å syne omsorg for medmenneska sine – å vere eit ”våpen for det som er rett” (Rom 6,13). Slik Kristus gav seg sjølv for oss, kan vi gi livet vårt til andre (1. Joh 3,16) og vere prega av miskunn (Luk 6,36).
Denne lokale diakoniplanen byggjer på Plan for diakoni i Den norske kyrkja (2008), der diakoni er definert slik:
”Diakoni er kyrkja si omsorgsteneste. Den er evangeliet i handling og blir uttrykt gjennom nestekjærleik, inkluderande fellesskap, vern om skaparverket og kampen for rettferd.”
(Plan for diakoni i Den norske kyrkja, 2008)
Visjonen til Den norske kyrkja er å vere ei vedkjennande, misjonerande, tenande og open folkekyrkje. Plan for diakoni (2008) handlar særleg om den tenande folkekyrkja. Diakonien kjem til uttrykk på ulike måtar: Gjennom enkeltmenneske, ved den organiserte diakonien i kyrkjelydane og gjennom institusjonar og organisasjonar, nasjonalt og globalt.
Alle i kyrkjelyden blir utfordra til eit kvardagsliv i teneste, men soknerådet har eit særleg ansvar for det lokale diakoniarbeidet i soknet (kyrkjelova, 1996, § 9). Noko av dette ansvaret kan soknerådet delegere til andre organ eller komitear. Diakonar er tilsette som leiarar av det diakonale arbeidet i soknet.
Den lokale diakoniplanen er bygd opp kring definisjonen av diakoni i ruta ovanfor, og er såleis delt i tre arbeidsområde: 1. Nestekjærleik.
2. Inkluderande fellesskap.
3. Vern om skaparverket og kampen for rettferd.
Kvart arbeidsområde er sett opp med ein generell del og eitt eller fleire delmål, og kan evaluerast av soknerådet kvart fjerde år.
I tillegg til diakoniplanen kjem også ein aktivitetsplan innanfor kvart av dei tre arbeidsområda. Desse planane inneheld eit satsingsfelt og dessutan eit punktvis oversyn over kva tiltak ein har eller ønskjer å ha i kyrkjelyden. Soknerådet kan ta aktivitetsplanen opp til godkjenning kvart år, ved den årlege gjennomgangen av diakonien i soknet.
Lat diakoniplanen verke til bevisstgjering og målretta arbeid, slik at diakonien kan få vere med i alt arbeid i kyrkja, som ei grunnleggjande haldning og ein måte å leve på, som formar kyrkjelyden, i bøn og i arbeid.
Ørsta, 30. november 2016
Knut Stave, diakon
DIAKONIPLAN FOR HJØRUNDFJORD KYRKJELYD (2017)
med aktivitetsplanar (2017)
Hovudmål:
1. NESTEKJÆRLEIK
Nestekjærleiken omfattar alle sider ved mennesket. Det er periodar i livet der ein har evne og høve til å gi, andre gonger treng ein å få. Diakonien har eit spesielt ansvar der få eller ingen bryr seg. Det grunnleggjande er gjensidig teneste og vørdnad for kvarandre. Evna til å gjere det gode er lagd ned i alle menneske (Rom 2,14).
Hos den som trur på Kristus, er trua verksam i kjærleik (Gal 5,6). Som Kristus elskar oss, skal vi elske kvarandre og syne omsorg for kvarandre som medmenneske. Å gjere trua verksam i handling inneber å spørje om att og om att: ”Kven er nesten min?” (Luk 10,29–37). Det er òg å stille seg til disposisjon både som fellesskap og enkeltperson, og spørje: ”Kva vil du eg skal gjere for deg?” (Luk 18,41) og å oppsøkje marginaliserte, sjuke, svoltne, tørste og isolerte (Matt 25,35 ff).
Delmål:
- Syne omsorg i form av arrangement, besøk, samtale, forbøn, samarbeid og beredskap.
- Lytte, samtale og hjelpe menneske inn i kyrkjelydslivet, til eit trygt og tillitsfullt forhold til Gud.
--- Aktivitetsplan for dette arbeidsområdet (2017) ---
a) Tiltak Omsorgsarbeid og sorg- eller samtalegrupper, ev. kurs.
Målsetjing Følgje opp menneske i sorg, særleg dei som har mista ektefelle: brev, telefonar og samtalegrupper/kurs.
Framdrift Ved behov.
Ressursar Prestane, diakonen og ev. tidlegare gruppedeltakarar. Ev. samarbeid med andre sokn.
Ansvarleg Prestar, diakon
b) Tiltak Gudsteneste, helgemesse + kan ha open kyrkje for etterlatne ein time før og ev. kyrkjekaffi etterpå
Målsetjing Nemne dei som har gått bort sidan førre helgemesse. Tid til omsorg og bøn for dei etterlatne.
Framdrift Kvar helgemessesøndag. Skriftleg invitasjon vert sendt til dei pårørande, éin til kvar slekt.
Ressursar Diakon
c) Tiltak Heimebesøk / besøksteneste
Målsetjing Besøk heime eller på institusjon til menneske som t.d. er mykje åleine, flyktningar/nye i bygda e.l.
Framdrift Kan vere regelmessig og organisert ved høve. Frivillige kan gjerne melde seg til besøksteneste.
Ressursar Tilsette. Frivillige.
d) Tiltak Medeigar i Kirkens SOS
M ålsetjing Gi økonomisk støtte haust og vår. Informere om Kirkens SOS. Som medeigar i Kirkens SOS, er dette del av Hjørundfjord kyrkjelyd sitt arbeid. Rekruttere frivillige medarbeidarar.
Framdrift Informere i samband med ofring til Kirkens SOS og ved andre samlingar i kyrkjelyden. Kyrkjespalta.
Ressursar Utsending til representantskapet/årsmøtet til Kirkens SOS. (Ev. i samarbeid med andre sokn i Ørsta.)
Ansvarleg Prestar, diakon, representant i SR
2. INKLUDERANDE FELLESSKAP
Det er ei sentral side av det kristne menneskesynet at vi er skapte i Guds bilete til å vere medmenneske. Grunnleggjande i kristen tru er at mennesket er skapt til fellesskap. Bibelen omtaler dette fellesskapet som ein kropp med mange ulike lemmer og funksjonar (1. Kor 12). Den Heilage Ande gir tru og rettleiing til eit liv i fellesskap og teneste. Anden gir styrke i motgang, uthald i tenesta og håp for morgondagen.
Diakonien er ei teneste for medmennesket og skaparverket, og ei teneste for Gud. Denne heilskapstenkinga har konsekvensar for gudstenestelivet og for opplæring i kristen tru. Alle blir vi utfordra til eit kvardagsliv i teneste.
- Lage gode møteplassar som inkluderer, og oppmuntre til kontakt og fellesskap.
- Inspirere til teneste.
- Leggje til rette for fordjuping i relasjonen til Jesus.
a) Oppgåve Kontakt og fellesskap i kyrkjelyden, gudstenester, treffstader, fellesskap
Målsetjing Invitere til gudstenester eller andre samlingar som inkluderer og styrkjer fellesskapet i kyrkjelyden
Ta kontakt, invitere, besøke, særleg nye i kyrkjelyden, lage møtepunkt, fellesskapskveld, familiedag, kveldsbøn e.l.
Framdrift Sjå iKyrkja.no og gudstenestelista. Annonsering og plakatar ved behov.
Ressursar Tilsette/sokneråd/frivillige
Ansvarleg Diakon, prestar, sokneråd
b) Oppgåve Barne- og ungdomsarbeid
Målsetjing Arbeid som gir opplæring og inkuluderande kristent felleskap for born og unge i kyrkjelyden.
Framdrift Trusopplæringsplanen. Program for barnekoret.
Ressursar Tilsette, frivillige. Frivillig arbeid som f.eks. Ørsta/Volda Ten Sing.
c) Tiltak Andakt og besøk på Hjørundfjordheimen + ev. invitere folk frå bygda til føremiddagstreff av og til
Målsetjing Kontakt med Hjørundfjordheimen og samle til andakt. (Nattverdsgudsteneste 1-2 gonger i halvåret.)
Framdrift Éin gong i veka, torsdagar.
Ressursar Prestar, diakon, frivillige og ev. skuleklassar/barnehage på besøk
Ansvarleg Diakon
d) Tiltak Bøn og forbøn. Forbønskort for konfirmantar. Lysgloben.
Målsetjing Oppfordre om å melde behov for forbøn. Dette kan t.d. takast med under forbøna i gudstenester. Bruke eller oppfordre til bruk av lysgloben. Dele ut forbønskort for konfirmantar.
Framdrift T.d. kasse i våpenhuset eller korg ved lysgloben. Forbønskort for konfirmantar til utdeling kvart år.
Ressursar Prestar, bønegruppe, sokneråd
Ansvarleg Prestar, kateket, kyrkjetenar. Klokkar kan hente lappane i kassa.
e) Oppgåve Plantedagen på gravplassen m/ andakt i kyrkja og matsal på bedehuset
Målsetjing Fellesskap og felles plantedag for etterlatne og andre på gravplassen.
Framdrift Mai / juni
Ressursar Tilsette, frivillige, bedehuset, gravferdsbyrået
Ansvarleg Misjonsforeiningar, sokneråd
f) Oppgåve Open kyrkje i sommarferien
Målsetjing Turistar og andre skal ha høve til å kome inn i kyrkja.
Framdrift 2 dagar i veka om sommaren.
Ressursar Frivillige
Ansvarleg Sokneråd
g) Oppgåve Kyrkjevertar / Kyrkjekaffi
Målsetjing Ønskje velkomen og ta i mot dei som kjem til kyrkja/dele ut salmebøker. Kyrkekaffi bak i kyrkja.
Framdrift På alle gudstenester i konfirmanttida + ev. andre
Ressursar Konfirmantar/foreldre/frivillige
Ansvarleg Prestar, kateket
h) Oppgåve ”Ut på tur” / Friluftsgudsteneste
Målsetjing Fellesskap ute i Guds frie natur
Framdrift Minst 2 gonger i året
Ansvarleg Prestar, sokneråd
i) Oppgåve Diakoniens dag. Kan koplast til misjonsprosjektet 3a)
Målsetjing Kyrkjelyden i fellesskap set fokus på diakoni og fellesskap. Offer til diakoniarbeid/-prosjekt denne dagen.
Framdrift Diakoniens dag er i utgangspunktet 14. søndag etter pinse, men kan leggjast til andre søndagar
Ansvarleg Diakon, sokneråd
j) Tiltak Hjelpetiltak under gudstenesta
Målsetjing Leggje til rette/hjelpe rullestolbrukarar, tunghøyrde etc.
Framdrift Soknerådet ser på praktiske tiltak, ev. i forhandlingar med kommune og fellesråd
Ressursar Fellesråd, Ørsta kommune
Ansvarleg Sokneråd, fellesråd
k) Tiltak Halde oversikt og oppmuntre til mindre einingar, fellesskap, foreiningar og ev. andre grupper
Målsetjing Støtte opp om bibelgrupper, husfellesskap, foreiningar eller liknande, der deltakarane kan gi kvarandre støtte og kveik til tru og liv i kvardagen, og gjerne inkludere nye med i arbeidet.
Framdrift Kontinuerleg
Ressursar Frivillige, organisasjonar, foreiningar
Ansvarleg Ymist, prestar, diakon, kateket, sokneråd
3. VERN OM SKAPARVERKET OG KAMPEN FOR RETTFERD
Vi menneske er avhengige av kvarandre og alt anna som lever. Samtidig er heile skaparverket i dag avhengig av at menneska tek forvaltaransvaret sitt på alvor, både globalt og lokalt. Med utgangspunkt i trua på Gud har vi ansvar for verda (1 Mos 1,26ff). I dag ser det ut til at skaparverket, mange dyre- og planteartar, ja, heile økosystem, kan vere trua på ulike måtar, gjennom menneskeleg aktivitet og ressursbruk. Oppfatninga av mennesket som herre og herskar over naturen må korrigerast. Med mål om glede og takksemd over å få vere ein del av det økologiske fellesskapet i skaparverket, kan dette føre til tydeleg tale i samfunnet og til konkret handling i eigne liv.
Kulturelt og etnisk mangfald gir kyrkjelyden eit rikare liv. Menneske som lid vedkjem oss anten dei er nær eller held til i andre land (Matt 25, 35-40). Mennesket lever i og er avhengig av strukturane i samfunnet. Verdsfemnande system er med og styre liva våre. Derfor er det nødvendig å klargjere årsakene til menneskeleg naud og liding, arbeide for å endre det som gjer at ein ikkje får slutt på naudsituasjonen, og skape nytt livsgrunnlag. Å vise solidaritet er å ta opp kampen og arbeide for rettferd og fred.
- Syne solidaritet med andre menneske og bevisstgjere kyrkjelyden på internasjonal diakoni.
- Vere med i Den norske kyrkja si satsing på grønare kyrkjelydar.
- Fremje etisk forbruk og ein meir rettferdig handel.
Satsingsfelt: - Misjonsprosjektet:
a) Tiltak Kyrkjelydens misjonsprosjekt: Himal Partner, fokusområde: Mental helse.
Målsetjing Støtte misjons- og hjelpearbeid for andre menneske med særleg fokus på misjonsprosjektet
Framdrift Minst 4 offer i året + ev.
Ressursar Heile kyrkjelyden, Misjonskonsulenten i bispedømet. Samarbeid med Storfjorden kyrkjelyd.
b) Tiltak Internasjonal diakoni: Fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp
Målsetjing Samle inn pengar og engasjere konfirmantar, foreldre og frivillige til innsats for menneske i naud
Framdrift Årleg aksjon i fastetida.
Ressursar Konfirmantar, foreldre, stab, frivillige og ev. ulike aksjonskomitear. Kirkens Nødhjelp.
Ansvar Sokneråd, sokneprest
c) Tiltak Gå inn for å vekeleggjere i ideala som såkalla «Grøn kyrkjelyd» i samarbeid med Ørsta og andre sokn.
Målsetjing Bevisstgjering i kyrkjelyden. Vern og omsorg for skaparverket: Handle grønt og setje søkjelys på miljø, forbruk, rettferd og vårt forvaltaransvar, gjennom tiltak i kyrkjelyden, i aviser og elles i samfunnet.
Framdrift Kontinuerleg. Arbeide fram mot Grøn kyrkjelyd (sokneråd) og Miljøfyrtårnsertifisering (fellesråd).
Ressursar Lokalt, diakonirådgivar, Ressursgr. for skaparverk og berekraft i Møre bispedømme, KA og Kirkerådet.
Ansvarleg Sokneråd (Grøn kyrkjelyd), Ørsta k. fellesråd (Miljøfyrtårn), diakon
d) Tiltak Støtte opp om Ørsta som fairtrade-kommune
Målsetjing Fremje rettferdig handel og kjøpe rettferdig kaffi. Informere sokneråd og kyrkjelyd om rettferdig handel.
Ev. setje søkjelys på rettferdig handel i lokalaviser. Ev. markering på diakoniens søndag.
Framdrift Kontinuerleg. Lokalt samarbeid med og ev. medlemskap i Styringsgruppa for fairtrade Ørsta-Volda.
Ressursar Styringsgruppa for fairtrade, Ørsta-Volda. Kirkens Nødhjelp. Diakonirådgivar.
Ansvarleg Sokneråd, diakon.
e) Tiltak ”Skaparverk, rettferd og berekraft” i konfirmantarbeidet, t.d. butikktest.
Målsetjing Gi konfirmantar forståing for at alle kan vere med å ta ansvar, t.d. gjennom etisk forbruk.
Framdrift T.d. ved årleg å teste vareutvalet i butikkane på merkeordningar for miljø og rettferd.
Ressursar Frivillige, butikkar.
f) Tiltak Søndag for dei forfølgde
Målsetjing Støtte til og fokus på kyrkjer og menneske verda over som blir forfølgde eller undertrykte på grunn av si tru.
Framdrift Andre søndag i nov. kvart år, eller velje ein annan søndag.
Ressursar Frivillige. Stefanusalliansen (tidl. Norsk misjon i øst). Åpne Dører.
Sæbø, 16. februar 2017
Adresse:Ørsta kyrkjekontor Vikegata 5, 6150 Ørsta
Gjer vel og avtale tid pr tlf.!
Spr. Espen Aarseth: 91394268Tlf. Ørsta kyrkjekontor: 70048640Hj.fj. kyrkje: 700 40022
e-post til kontoret
e-post til soknepresten
Lenkje til Hjørundfjordportalen