Personvern

Personopplysninger

 

1. Første konfirmantbrev. Invitasjon


 


Konfirmasjon handlar om ditt liv og dine spørsmål. Du får høve til å reflektere over livet. Konfirmasjon handlar også om å bli betre kjend med kristen tru.

Då du blei døypt, blei du Guds barn og Han lova å alltid vere med deg.

Vi ønsker at du skal oppleve at det framleis gjeld og at du høyrer til i kyrkja.

Om du ikkje er døypt, er du likevel velkomen til å vere konfirmant. Då blir det avtala ein dag for dåp før konfirmasjonen.




Hei !

Vil du vere konfirmant i Vartdal, Hjørundfjord eller Ørsta?

Vi vil gjerne ha deg med!

 

Konfirmasjon er ein flott fest i kyrkja og i familien. Ein fin tradisjon og ei stadfesting på at Gud elskar deg og alltid er med deg. Frå eit kristent perspektiv er Du uendeleg verdifull og Du er svært viktig for andre menneske og naturen. Vi ønsker å formidle kristen livstolking og livsmeistring som kan sette ditt liv i ein større samanheng.

I konfirmantbrosjyren som ligg i margen på sida, står det meir om konfirmantåret.

 

Hugs å melde deg på innan 30.juni

Elektronisk påmeldingsskjema på www.iKyrkja.no

Etter at påmeldingsfristen er ute, og seinast innan skulestart, vil alle påmelde få invitasjon på e-post til avspark. Ta kontakt dersom du ikkje mottek e-posten.

 

Har du behov for eit spesielt tilrettelagt konfirmantopplegg? Ta kontakt eller skriv ein merknad i påmeldingsskjemaet.

 

Innskriving i kyrkja veke 23 i juni

Vi vil at alle som skal vere konfirmantar møter til innskriving i kyrkja si. Her får du ein liten forsmak på kva som ventar deg i konfirmantåret, og du får møte nokre av oss som jobbar i kyrkja. Det blir ca ein halvtime med litt informasjon, -og kanskje lærer du litt om kva det er å vere konfirmant.

 

Konfirmantavgift

Eit godt og variert konfirmantopplegg kostar pengar. Konfirmantavgifta for 2023/2024 er kr 1750,- og inkluderer ma. konfirmantbibel, reise og opphald på konfirmantleiren, mm. Giro vert sendt ut på e-post. Om nokon har problem med å betale, ta kontakt med oss så finn vi ei løysing.

Vi gler oss til eit nytt konfirmantår og håpar at du har lyst å vere med oss!

 

Med venleg helsing,

på vegne av konfirmantopplæringslaget på kyrkjekontoret i Ørsta,

Caroline Sefu, kateket

 

 

Adresse
Vikegata 5, 
6150 ØRSTA

Tlf: 70048640 
E-post til kontoret