NB! Minner om Misjonsmessa komande laurdag MISJONSMESSE PÅ KULTURHUSET Laurdag 12.november kl 11.30-15.30 ynskjer vi velkommen til Ørsta Kyrkjelyd si Misjonsmesse på kulturhuset. Ørsta Sokneråd vedtok i år å fornye avtalen med tanke på å støtte arbeidet som Det Norske Misjonsselskap (NMS) driv mellom barn og unge i fattige område i Thailand. Kl 12.00 og 14.00 vil Paul-Kristian Hovden gi informasjon, dette er viktig å få med seg.Dette vil forhåpentligvis gi inspirasjon til å vidareføre avtalen som Ørsta Sokneråd har inngåttKl 14 blir det andakt av prestevikar Constanze Lindner og musikkinnslag av Eirik Stave. Han har tidlegare gjort ein stor innsats med salg av sjølvlaga avis, der inntekta gjekk til nettopp Misjonsprosjektet.På messa blir det sal av lodd, tombola og årar. Når det gjeld å få kjøpe seg mat, er det litt av kvart å velge i…Nytt av året er vårrullar, ellers er det mulig å kjøpe seg smørbrød, enkel middag som betasuppe eller risengrynsgraut.Kakeutvalet blir bra, så her er det berre å ta seg god tid og nyte eit godt måltid med kjende og ukjende, og samstundes støtte eit flott prosjektLoddsalget er godt i gang og frivillige har gjort ein flott innsats der med å selge lodd på Alti.Frivillige har også gjort ein flott innsats med lefsebaking, baking av julekaker og lage kle til dokka osv.Vi set stor pris på gevinstar, desse kan leverast på kyrkjekontoret, Vikegata 5.Velkommen til å støtte Ørsta Kyrkjelyd sitt Misjonsprosjekt Sjå Bilder av førebuing til messa:Bilete frå tidlegare:Små skattar frå fattigaste områda i Thailand har fått hjelp av mellom anna NMS: