Prøvingsattesten er mellom anna ein kontroll av at dei som skal gifte seg ikkje er gifte frå før og heller ikkje er i nær familie/slekt med kvarandre.
Ein søkjer om prøvingsattest ved å fylle ut dette skjemaet:
Skjema skal sendast til skattekontoret for kommunen der ein av dei som skal gifte seg bur.
Etter at skattekontoret har utferda prøvingsattesten, blir den sendt til bustadsadressa til ein av brudefolka, som skal levere attesten til den som skal stå for vigsla. Attesten kan òg sendast direkte til vigslaren dersom adressa til vigslaren er oppgjeven.
Skattekontoret registrerer vigsla etter melding frå vigslaren.
Skattekontoret registrerer òg sivilstandendringar i samband med separasjon og skilsmål på bakgrunn av meldingar frå fylkesmannen eller domstolane.
Eit ektepar som reknar separasjonen for avslutta, må sjølve sende melding til skattekontoret.I margen finn de informasjonen om val av salmar, pynting i kyrkjene og heile det opphavlege informasjonsskrivet:
SKJEMAViktig å sjå vigselinformasjonen fyrst, før ein fyl ut skjema. De finn den i menyen til venstre.
HER finn de skjema de treng."Erklæring for brudefolk""Forlovarerklæring" x2"Melding om endring av namn"
Adresse: Vikegata 5,6150 ØRSTA Tlf: 70048640
Ørsta kyrkje:700 66354
Meir kontaktinformasjonunder sida for kyrkjekontor