Personvern

Personopplysninger

 

Vigsel informasjon

Her finn de alt de treng vite, og det de treng laste ned før ein vigsel:

Viktige skjema de treng levere før ein vigsel:

Desse skjema skal inn til folkeregisteret! Får du ikkje fram desse finn de dei på nettet: Skatteetaten.
Skjemaet Erklæring frå brudefolka før prøving av ekteskapsvilkåra må fyllast ut og leggjast fram før ein kan inngå ekteskap.

Før ein kan inngå ekteskap, skal det skje ei prøving for å finne ut om ekteskapsvilkåra er oppfylte etter ekteskapslova. Prøvinga blir gjort av folkeregistermyndigheita. Sjå skatteetaten for oversikt over skattekontora. Alle spørsmål skal rettast dit.

De bør hugse å krysse på "ja" under spm. om prøvingsattesten skal sendast direkte til vigselprest/kontor! Kontoret treng desse papira før vigselen, så det er lurt om de gjer dette i god tid før. Før opp adressa til kontoret som høyrer til kyrkja de skal gifte dykk i.
Om dette ikkje er gjort får de sjølve desse papira, men då må de også sjølve hugse å levere dei til kontoret, ein kan ikkje utføre vigsel utan desse dokumenta.

Forlovarerklæringa må de ha to av, ein til kvar av forlovarane som skal skrive under.

Alt må vere utfylt når de sender inn til folkeregisteret. Kun då kan dei ordne med papira tilbake, slik de får gifte dykk. Om eine forlovaren ikkje er heime til å skrive under, kan ein annan vitne på arket, og de kan fortsatt ha den forlovaren de har valt i kyrkja.

Adressa de sender skjema til:

Ørsta folkeregister
Skatt Midt-Norge

Postboks 8093
6022 ÅLESUND
Tlf: 80080000

NB! Når det gjeld vigsel der den eine ikkje er norsk statsborgar, bør de ta kontakt med kyrkjekontoret for meir informasjon i god tid før vigsla. Noko meir av papir skal vere klart ved denne type vigsel, og ein treng å ha alle papir i orden før vigsla kan finne stad.

Utdrag frå skatteetaten sine sider:

Skal du gifte deg, må du søkje om prøvingsattest frå skattekontoret. Den venta handsamingstida er minst to til tre veker. Prøvingsattesten er gyldig i fire månader frå datoen då den blir utferda.

Prøvingsattesten er mellom anna ein kontroll av at dei som skal gifte seg ikkje er gifte frå før og heller ikkje er i nær familie/slekt med kvarandre.

Ein søkjer om prøvingsattest ved å fylle ut dette skjemaet:

Skjema skal sendast til skattekontoret for  kommunen der ein av dei som skal gifte seg bur.

Etter at skattekontoret har utferda prøvingsattesten, blir den sendt til bustadsadressa til ein av brudefolka, som skal levere attesten til den som skal stå for vigsla. Attesten kan òg sendast direkte til vigslaren dersom adressa til vigslaren er oppgjeven.

Skattekontoret registrerer vigsla etter melding frå vigslaren.

Separasjon og skilsmål

Skattekontoret registrerer òg sivilstandendringar i samband med separasjon og skilsmål på bakgrunn av meldingar frå fylkesmannen eller domstolane.

Eit ektepar som reknar separasjonen for avslutta, må sjølve sende melding til skattekontoret.


I margen finn de informasjonen om val av salmar, pynting i kyrkjene og heile det opphavlege informasjonsskrivet:

 

 




SKJEMA
Viktig å sjå vigselinformasjonen fyrst, før ein fyl ut skjema. De finn den i menyen til venstre.

HER finn de skjema de treng.

"Erklæring for brudefolk"

"Forlovarerklæring" x2

"Melding om endring av namn"


Adresse:
Vikegata 5,
6150 ØRSTA

Tlf: 70048640

Ørsta kyrkje:700 66354

Meir kontaktinformasjon
under sida for
kyrkjekontor

E-post til kontoret