Personvern

Personopplysninger

 

Pynting i kyrkja

 

Retningsliner i høve pynting til bryllaup i Ørsta kyrkje

Det er ingen krav frå kyrkjeleg hald om at kyrkja må pyntast ved bryllaup. Det syter brudeparet for sjølve, anten åleine, i samarbeid med andre par som skal viast same dagen eller i samarbeid med ei blomsterforretning. Dersom de ønskjer pynting, ber vi dykk ta omsyn til desse  retningslinene:

  • berre friske blomar som hovudpynt framme i kyrkja og på alteret (ikkje silke)
  • berre avskorne blomar på alteret (ikkje jord)
  • frå øvste trappetrinnet og fram til alteret må det vere fri plass til stolar og til å bevege seg (ingen pynting)
  • på løparane kan det ikkje leggast blomar/grønt som vert trakka på slik at safta legg seg i teppet. Det er umogeleg å vaske vekk. Ved sida av teppet kan ein t.d. sette potteplantar eller blomar i vasar.
  • ein kan pynte litt med blomar og grønt på stolpar og kyrkjebenkar i små rør som kan hengast på benkane, laga til dette føremålet. Ein kan ikkje lime fast blomar o.l. med limband eller likn. då det tek malinga når ein skal fjerne pynten.
  • utanfor kyrkja oppmodar vi til hylling av brudeparet på anna måte enn å kaste ris o. l. (matvarer).
  • kyrkja låner ut lysestakar, bl.a. 7-arma, men kvite lys må de kjøpe sjølve
  • ring og avtal med kyrkjetenar tid til pynting tlf 70066354

 

Vi vonar de ikkje ser på dette som strenge restriksjonar, men heller ein måte å legge til rette slik at arrangementet vert både fint og flott samtidig som det ikkje gjer skade på inventaret.

 

Spørsmål i samband med dette kan rettast til kyrkjekontoret.

 

Ørsta mai 2008 

 

 

Ørsta kyrkjelege fellesråd Ørsta kyrkjekontor

6150 Ørsta

Kontoradresse:

Vikegata 5, 3.etg, Ørsta

Tlf. 70048640

 

Org.nr.976997204

e-post: postmottak@orstakyrkja.no

 

www.iKyrkja.no

 




SKJEMA
Viktig å sjå vigselinformasjonen fyrst, før ein fyl ut skjema. De finn den i menyen til venstre.

HER finn de skjema de treng.

"Erklæring for brudefolk"

"Forlovarerklæring" x2

"Melding om endring av namn"


Adresse:
Vikegata 5,
6150 ØRSTA

Tlf: 70048640

Ørsta kyrkje:700 66354

Meir kontaktinformasjon
under sida for
kyrkjekontor

E-post til kontoret