Personvern

Personopplysninger

 

Adventsgudsteneste, skular

Velkomne til skulegudsteneste i advent

<- Under Agenda i margen til venstre finn du opplegget.

Datoplan for skulegudstenester i Ørsta og Vartdal kyrkjer advent 2023

Dato:

Klokka:

Klasse:

Skule:

Kyrkje:

Fre 8.12

10.00

1.-10.

Vartdal skule

Vartdal

Ons 13.12.

09:30

8.-10.

Ørsta Ungdomsskule

Ørsta

Ons 13.12.

10.45

8.-10.

Ørsta Ungdomsskule

Ørsta 

Ons 13.12

12.00

1.-7.

Vikemarka skule


Tors 14.12

09.45

1.-7.

Dalane skule

Opplæringssenteret

Ørsta

Tors 14.12.

11.00

1.-7.

Hovden skule 

Ørsta 

Tors 14.12.

12.15

1.-7.

Velle skule

Ørsta 

Fre 15.12

09.45

1.-10.

Sæbø skule, 

Åmås skule

Hjørundfjord

 

Nikolaus hadde ikkje berre eit varmt hjarte, han hadde også stor rettferdssans. Som biskop var han ein mektig mann, og han brukte makta til å yte rettferd for folk som vart behandla urett. 

Som prest møtte han mange folk. Nokre var fattige og han ville hjelpe så mange han kunne. Han delte av den store formuen han fekk etter foreldra og onkelen. Han vil ikkje at noko skulle vite kvar desse gåvene kom frå, og han gav dei difor i løyndom. 

  

BREV:

Velkomne til skulegudsteneste i advent 2023!

 Formingsoppgåve og tema

 Tema i år er: St. Nikolaus, Pakkar, og vi vil at borna skal lage pakkar som kan pynte opp kyrkja vår. Sjå vedlegg ”Formingsoppgåve”

Stjerner!Stjerner som lyspunkt i tilværet. Stjernene på nattehimmelen i Betlehem for 2000 år sidan, og stjernene på vår nattehimmel. Det skal handle om Jesus som det store lyset, og om oss, som kan lyse for kvarandre.

For at vi skal rekke å henge pynten opp i kyrkja, ber vi om at de leverer den på kyrkjekontoret seinast 25. november. Vi reknar med at de sjølve kan skaffe papir/papp, fargar og snor til hengje i, men ta berre kontakt om de vil ha kartong/snor herfrå, så ordnar vi det!

Liturgiske oppgåver og elevinnslag

Vi håper de i tillegg kan finne elevar til nokre enkle liturgiske oppgåver.  Det er opp til den enkelte skulen korleis de vil fordele oppgåvene, men vi har laga eit forslag. De finn forslaget i vedlegget ”Oppgåvefordeling” tilsendt på e-post.

Salmar

Vi veit at desember er ei travel tid også på skulane. Likevel håper vi de kan ta dykk tid til å syngje gjennom salmane i lag med elevane. Vi har valt advents- og julesalmar som vi trur skal vere nokolunde kjende. Sjå vedlegg ”Salmeark”.

God advent!

Med helsing frå alle vi på kyrkjekontoret ved Caroline Sefu, kateket.

                                                                                                                                                  

 

Bilete: