Personvern

Personopplysninger

 

Skule/barnehage

I Ørsta har me lang og god tradisjon for samarbeid mellom kyrkja og skulane, i tillegg til mellom kyrkja og barnehagane.

Dette samarbeidet ser me frå kyrkja si side på som svært positivt, og det er noko me vil prioritere også i framtida.

Kyrkja har ressursar og kompetanse som kan hjelpe skulane og barnehagane i arbeidet med å lære om: lokalsamfunnet, høgtidene, kristendommen som ein levande religion.

"Kunnskapsløftet" i skulen legg vekt på at elevane skal lære om religionar og livssyn som tradisjon og som levande kjelde til tru, moral og livstolking.
Aktivitetar som forteljing, forming, dramatisering, song og musikk, samtaler og besøk skal bidra til å engasjere elevane og gi innsikt i ulike religionar og livssyn."

Ut ifrå dette gir kyrkja i Ørsta og Vartdal sokn følgjande alderstilpassa tilbod (sjå i margen til venstre).

Klikk på linkane i margen for å få vite meir om det enkelte tilbodet.

Nedanfor vil du sjå film over Påsketema i bibelen:




Filmen om langfredag

Me har laga fire enkle filmar der Caroline kateket fortel om påskedagane, med hjelp av playmofigurar, for born som ikkje kan kome til kyrkja no.

Dette er den tredje filmen, som då er om det som skjedde langfredag.

Siste film kjem påskedag.

→ Les mer

Filmen om skjærtorsdag

Me har laga fire enkle filmar der Caroline kateket fortel om påskedagane, med hjelp av playmofigurar, for born som ikkje kan kome til kyrkja no.

Dette er den andre filmen, som då er om det som skjedde skjærtorsdag.

Dei andre filmane kjem på langfredag og påskedag.

→ Les mer

Filmen om palmesøndag

Me har laga fire enkle filmar der Caroline kateket fortel om påskedagane, med hjelp av playmofigurar, for born som ikkje kan kome til kyrkja no.

Dette er den første filmen, som då er om det som skjedde palmesøndag.

Dei andre filmane kjem på skjærtorsdag, langfredag og påskedag.

→ Les mer

Påskevandring med barnehage
Her er bilete frå ei påskevandring for ein barnehage i Ørsta kyrkje. Kateket Caroline hadde med Playmofigurar og fortalde påskeforteljinga gjennom dei. Det er så koslig å få barnehage og skular på besøk i kyrkjene, og no er det igjen eit par påskegudstenester for skular. Tusen takk for besøket!

 Bildeserie

→ Les mer

Skulegudstenester 2017

Snart påske

Også i år har vi gleda av å invitere 1.-4. klasse til gudstenester med tema påske. Her er forslag til dato og klokkeslett. Gje tilbakemelding på om de vil ta del og om tidspunkta er greie! Det hadde også vore fint om vi fikk vite kor mange som kjem.

→ Les mer

Skulegudsteneste før påske

Det har vore travle men kjekke dagar i kyrkjene før påske også. Då er det nemleg både barnehagevandringar og skulegudstenester. Det er alltid triveleg med mange born og unge i kyrkjene, og dei er så flinke å hjelpe til både før og under og med underhaldninga også!

Sjå bileta frå når skulen på Sæbø hadde si skulegudsteneste:

 Bildeserie

→ Les mer

Mosmarka Barnehage på påskevandring
Vekene før påske er det påskavandring for barnehagane og skulegudstenester. Torsdag den 7. april var det Mosmarka Barnehage som vitja Ørsta kyrkje og fikk vere saman med kateket Lisbeth Halse på påskevandring.

Sjå bilete via linken:

Bildeserie

→ Les mer