Personvern

Personopplysninger

 

 Ørsta kyrkje

Frå gamal tid har det vore kyrkje på "Vallabakken", på garden Velle i Ørsta.
Kyrkja og kyrkjegarden har vore mellom dei to elvane Vikeelva og Skytjaåa.Frå mellomalderen låg her ei stavkyrkje, korskyrkja i Ærst, I alle fall frå 1600 talet hadde den ei krossform.
I 1864 vart den tatt ned, og den noverande kyrkja vart reist.
Kyrkja er teikna av arkitektfirmaet Hanno og Schirmer i Oslo. Det er ei langskipskyrkje i tre, og har i dag omlag 300 sitjeplassar.

Ørsta Kyrkje, historie

Ørsta Kyrkje frå omlag 1200- 2000

DEN FØRSTE KYRKJA - EI STAVKYRKJE

1200 - 1864

Når ein ørsting nemnde Vallabakken, var det klårt kva stad han viste til. Det var kyrkja og gravstaden. Spurde nokon etter ein person han ikkje hadde sett på lang tid, kunne svaret verte; Du finn han på Vallabakken. Han var då død og kvilte på gravstaden.

Kyrkja og kyrkjegarden har frå fyrste tid lege på bakken mellom Vikeelva og Vallaelva. Bakken var korkje høg eller ruvande, nokre få meter høgre enn området nedanfor, Vallanekken. Bakken danna eit platå, og her vart den fyrste kyrkja i bygda reist, ei stavkyrkje. Kyrkja i Ærst - Ørsta - fekk stå på Vallabakken i mange hundre år. Truleg var ho bygd på 1200-talet. Fyrste skriftlege vitnemålet om kyrkja finn vi i eit salgsdokument for ein jordhandel som vart gjort på kyrkjegarden ved Ærst kyrkje, krossmessedagen 3.mai 1385. Aslak Bolt nemner kyrkja i si jordbok frå omlag 1430.

Hans Strøm skriv om kyrkja i sitt verk "Søndmørs Beskrivelse" i 1766.

"Ørsten Kirke, som ligger paa en høi Bakke imellem tvende Elve-Greene, og har altsaa en meget behagelig, skiønt nogen farlig, Situation, efterdi Elve-Vandet voxer undertiden saa høit, at det truer med oversvæmmelse. Kirken bestaar kun av staver, men er dog oppbygt i Form av et Kors, og indvendig meget vel prydet med Malning, Forgyldning og Billedhugger-Verk, især hvad Alter-Tavlen angaaer, saa at den med Billedlighed bør ansees som een av vore smukkeste Kirker."

KORLEIS SÅG KYRKJA UT ?

Det første skriftet som omtalar stavkyrkja nærare er frå kyrkjerekneskapen i 1685. Om "Ørsteens Kirke" heiter det at den er "een Stafue og Kaarskircke, langs nedigjennem 32 Alen (omlag 19,8 m), breed 14 Alen (omlag 8,7 m), Kaarsene Illigemaade ligesaa lang og breed Nembl ; 32 Alen lang og 14= breed, Vaabenhuset = 7 Alen i kant (omlag 4,3x4,3 m) Antikvar Nicolay Nicolaysen skriv i 1855 at "Ørstens kirke" hadde form som et gresk kors der hvert av korsene og koret har 11 alen lengde

I 1864 medan den nye Ørsta kyrkje var under bygging, vart stavkyrkja teken ned. Deler av treverket var brukt på den nye kyrkja, på Velle skule som då var under bygging, eller det vart spreidt rundt om i bygda gjennom den auksjonen over kyrkjedeler som vart helden på Vallabakken.

Då det i byrjinga av 1970-åra vart sett i gong arbeid med å grave ut kjellaren under den "nye" Ørsta kyrkje for å få plass til garderobe, toalett, kyrkjestove og dåpssakresti, fann ein fleire breie bord som var påmåla "bibelske skildringar". Ved ein brann på Velle skule i 1985 fann ein fleire dekorete bord frå gamlekyrkja.

Men utanom dei er det ikkje mange minne ein har att etter den første kyrkja i Ørsta sokn. Dei fleste er i våre dagars Ørsta kyrkje, som alterskåpet frå omlag 1520, ei minnetavle frå 1703 over Knud Nielsen Wig med familie, ei minnetavle over arbeidet som vart utført på kyrkja i 1699, kyrkjebøssa frå omlag 1750, ein liten utskoren prestemann frå 1759, eit par små lysekruner frå 1750-åra og eit lite bærealter i stein frå katolsk tid.












Adresse
Vikegata 5, 
6150 ØRSTA

Tlf: 70048640 
E-post til kontoret