Personvern

Personopplysninger

 

 Ørsta

Ørsta sokn ligg under Ørsta prestegjeld saman med Vartdal sokn.





ØrstaSpalten


Ny sokneprst  i Vartdal kyrkje
Komande sundag, 10. januar klokka 11:00 i Vartdal kyrkje, vert Ruth Eva Sollie innsett som ny sokneprest i Vartdal sokn. Sidan Arne Moltubak byrja som sokneprest i Ørsta her me hatt dyktige vikarprestar men mangla fast sokneprest for Vartdal sokn. No vert det igjen tre faste prestar i våre fire sokn i Ørsta kommune.

→ Les mer

KONFIRMANTGRUPPE PÅ BAKK-OLAMARKA
Kvart år kan konfirmantane i Ørsta kyrkje velje å vere med på ulike typar aktivitetar, så som Pit Stop, KRIK, Ten Sing eller liknande. I år har vi prøvd med eit nytt tilbod, det vi kan kalle ei besøksgruppe, på Bakk-Olamarka.

→ Les mer

Nytt sokneråd: Ørsta

Kyrkjevalet er over for denne gongen med bra valoppslutnad for Ørsta sokn, 16% deltaking på kyrkjevalet og litt lågare deltaking på soknerådsvalet enn sist med 15%. 

 

Det nye soknerådet er klart, som fylgjer: 

→ Les mer

Lysmessa i Ørsta
Etter julegrantenning og fakkeltog innover gågata var det igjen klart for Lysmesse i Ørsta kyrkje. Her fikk ein kome seg inn i varmen, få seg varm gløgg og  litt peparkake før messa starta.

 Bildeserie

→ Les mer

FØREMIDDAGSTREFFA INVITERER PÅ BUSSTUR

Ørstingen Kristian Myklebust og kona Ruth Eva Sollie er nytilsette i Hareid kyrkje. (Foto: Henny Stokseth, Wikipedia)


Føremiddagstreffa i Ørsta startar vanlegvis hausthalvåret med ein busstur den første torsdagen i september. I år har vi gleda av å invitere alle som har tid og høve med gjennom Eiksundtunnelen og ut til Hareidlandet. Turen er open for alle! Arne Ola Grimstad frå Ørsta skal vere turleiar.

→ Les mer

God påsketid!
Vel overstått; seier vi gjerne no etter påske.
Men påsketida - det er no det. Frå påskedag og til pinsefesten.

→ Les mer

Ordinasjon i Ørsta kyrkje

Komande søndag vert Knut Gjengedal ordinert til prest i Den norske kyrkja. Ordinasjonen finn stad i Ørsta kyrkje. Gjengedal er kalla til vikarprest i Søre Sunnmøre prosti.

→ Les mer

Klassisk Julekonsert i Ørsta Kyrkje
Organist Marie Mundal Austrheim og sopran Karen Rosenberg Olsen arrangerer med glede og stoltheit julekonsert i Ørsta kyrkje for sjette år på rad, 21.12.12 klokka 19:30! Dei kan igjen by på kjende og kjære julesongar i nydelege arrangement, majestetisk orgelmusikk samt lidenskapelege tonar frå operaens verd.

Bilete henta frå Karen sin blogg

→ Les mer




Adresse:
Vikegata 5,
6150 ØRSTA

Tlf: 70048640
Faks:70048641

Ørsta kyrkje:700 66354

Meir kontaktinfo.
under sida for
kyrkjekontor

E-post til kontoret



Kirkeleg ressursside:

http://www.kirkenorge.no/