Øver kvar onsdag kl. 19 - 21 i Ørsta kyrkjeNoverande dirigent: Marie Mundal AustrheimMe vil gjerne ha fleire songarar i koret. Ledige plassar i alle korstemmene.Vil du vere med? Ta kontakt med dirigent på kyrkjekontoret, 70048640, eller kom på ei øving i Ørsta kyrkje og sjå om det kan vere noko for deg!
Bilete: Her er Ørsta kyrkjekor saman med tidlegare organist og dirigent Roar G.Lillebø.Likar du kor?I Ørsta kyrkjelyd er det mange som er glade for at me har eit godt og aktivt kyrkjekor. Kyrkjekoret er med og ”lyfter” songen ved mange gudstenester gjennom kyrkjeåret. Koret har også hatt suksess med konsertar av og til, no seinast i samband med jubileumsturen til Tyskland i juni-08.
Ver med og syng
Har du lyst til å vere med, er du hjarteleg velkomen på øving onsdagar mellom klokka 19 og 21 i Ørsta kyrkje. Nokre trur at ein må vere spesislt flink til å syngje for å vere med, men det stemmer ikkje. Dei som er med er heilt ”vanlege” folk som er glade i å vere saman og syngje. Kven som helst som likar å syngje kan vere med. Me har ”ein god tone” i koret, på fleire måtar. Stemninga på øvingane er fin, og songen blir dermed også god.Denne våren skal kyrkjekoret vere med på gudstenester Maria bodskapsdag og påskenatt. Me vil også ha ein konsert med samansett program i slutten av mai.
Repertoar
Repertoaret er variert innanfor sjangeren kyrkjemusikk. Me syng på fleire ulike språk, både klassisk kyrkjemusikk og salmar, men også nyare norsk musikk. Mellom anna har me hatt suksess med fleire nykomponerte verk til tekster av Jakob Sande. Me kan også love ei urframføring av dette slaget på konserten i mai.Å vere med i kyrkjekoret er både ”eigenterapi” og eigenutvikling, samstundes som det er ei viktig teneste i kyrkjelyden, til glede for både deg sjølv og andre. Helsing tidlegare dirigent Lisbeth Halse