Barnehagevandring, jula 2009 Det er adventstid. Skulane og barnehagane får tilbod om å kome til kyrkja for minne oss om Juleevangeliet og kvifor me feirar jul. Når det er barnehagevandring er det stasjonar som illustrerer dei viktigaste hendingane i evangeliet. Me tok bilete medan Mosmarka barnehage og Hovdebygda barnehage gjekk rundt for å sjå og oppleve. Mosmarka barnehage ser korleis gjetarane på marka hadde ved bålplassen sin. Nokre skriv seg i manntalet. Her lagar dei stjerna på himmelen. Hovdebygda er og flinke til å lage stjerner. Og nokre tenner lys og syng for Jesusbarnet i krybba. Hovdebygdingar tenner lys. Her ser nokre frå Hovdebygda barnehage på gåvene Jesusbarnet fikk: Gull, røykelse og myrra. Ein liten gjeng sit inni talarstolen og ser i bøker frå hendinga i Jerusalem. Alle syng ilag; O Jul med din glede