Personvern

Personopplysninger

 

Barnehagevandring, jula 2009

Barnehagevandring, jula 2009
Det er adventstid. Skulane og barnehagane får tilbod om å kome til kyrkja for minne oss om Juleevangeliet og kvifor me feirar jul.

Når det er barnehagevandring er det stasjonar som illustrerer dei viktigaste hendingane i evangeliet. Me tok bilete medan Mosmarka barnehage og Hovdebygda barnehage gjekk rundt for å sjå og oppleve.


Mosmarka barnehage ser korleis gjetarane på marka hadde ved bålplassen sin.


Nokre skriv seg i manntalet.


Her lagar dei stjerna på himmelen.

 

Hovdebygda er og flinke til å lage stjerner.


Og nokre tenner lys og syng for Jesusbarnet i krybba.

 

Hovdebygdingar tenner lys.


Her ser nokre frå Hovdebygda barnehage på gåvene Jesusbarnet fikk: Gull, røykelse og myrra.


Ein liten gjeng sit inni talarstolen og ser i bøker frå hendinga i Jerusalem.


Alle syng ilag; ”O Jul med din glede”…

 

 

Adresse
Vikegata 5, 
6150 ØRSTA

Tlf: 70048640 
E-post til kontoret