Personvern

Personopplysninger

 

Forbøn 2018

Forbøn til skulegudsteneste 2018

Forbøn til skulegudsteneste 2018
Elevane som skal lese og eleven som skal tenne lys, kjem fram til lesepulten og lysgloben medan me syng 1.verset av ”Sjå tusen julelys vert kveikt”.
Alle: 1.verset av ”Sjå tusen julelys”
Elev 1:Kjære Gud!Takk for at vi kan kome til deg med alt!Vi ber for skulen vår. Ver med alle elevane og dei som arbeider der.Hjelp oss å vere glade for at vi er forskjellige.Hjelp oss til å vere gode vener.Ein elev tenner lys i lysgloben
Alle: 2.verset av ”Sjå tusen julelys”
Elev 2:Kjære Gud!Det er ikkje alle som gler seg til jul. Ver med dei som har det vanskeleg.Gi dei håp om at det vonde skal ta slutt.Hjelp oss å gjere det vi kan for å glede andre.Hjelp oss til å takke for det vi har, og til å dele med andre.Ein elev tenner lys i lysgloben
Alle: 3. verset av ” Sjå tusen julelys”
Elev 3:Kjære Gud!Vi ber for dei som styrer landet vårt.Hjelp kommunestyre, storting og regjering til å ta gode avgjersler.Vi ber for kongen og kongehuset. Velsign dei Gud!Ver nær alle som lever i frykt for krig og terror, alle som er på flukt og alle som kjenner seg åleine i verda.Ein elev tenner lys i lysgloben
Alle: 4. verset av ” Sjå tusen julelys”
Elevane går ned att, og alle ber Vår Far i lag.