Bilete frå julekonserten i Ørsta kyrkje I ei fullsett kyrkje i Ørsta var det svært høgt nivå på utøvarane som deltok med fleire ulike musikalske utrykk. Bileta nedanfor er frå konserten klokka 19:00 den 16. desember, men konserten som var klokka 17:00 var det også svært gode innslag! Ein må berre la seg imponere av kor mange flinke og musikalske folk som fins i området! Det er jammen eit luksusproblem for kantor Marie Austrheim Riise å plassere dei ulike utøvarane på to konsertar... tenk at ein har så fantastisk mange som både vil vere med, og som er så utruleg flinke i tillegg!Mange av utøvarane har me følgt i mange år, og er då meir som proffe å rekne, mange er rett og slett oppe på nasjonalt nivå. Desse vil me så gjerne høyre frå kvart år, men jammen er det kjekt å sjå og høyre at det veks fram nye generasjonar med flotte musikarar! Framtida ser lys ut!Desse tok del kl 19:00:Ørsta og Hovden skulekorps.Ørsta hornmusikk.Jentekoret "utan navn", med dir. Kirsten Ragnhild Grimstad.Andakt v/spr. Arne Moltubak.Ørsta kyrkjekor, med dir. Marie Austrheim Riise.Ervingen, dir. Øyvind Lied.Ø.B. Brass, dir. Nils Ose/Leif Atle Strand.Stemt, dir. Siv Kristin Aurdal.Stian Åkvik, solist Adams Julsång.