Personvern

Personopplysninger

 

Bilete frå julekonserten i Ørsta kyrkje

Bilete frå julekonserten i Ørsta kyrkje

I ei fullsett kyrkje i Ørsta var det svært høgt nivå på utøvarane som deltok med fleire ulike musikalske utrykk.

Bileta nedanfor er frå konserten klokka 19:00 den 16. desember, men konserten som var klokka 17:00 var det også svært gode innslag! Ein må berre la seg imponere av kor mange flinke og musikalske folk som fins i området!

Det er jammen eit luksusproblem for kantor Marie Austrheim Riise å plassere dei ulike utøvarane på to konsertar... tenk at ein har så fantastisk mange som både vil vere med, og som er så utruleg flinke i tillegg!

Mange av utøvarane har me følgt i mange år, og er då meir som proffe å rekne, mange er rett og slett oppe på nasjonalt nivå. Desse vil me så gjerne høyre frå kvart år, men jammen er det kjekt å sjå og høyre at det veks fram nye generasjonar med flotte musikarar! Framtida ser lys ut!

Desse tok del kl 19:00:

  • Ørsta og Hovden skulekorps.
  • Ørsta hornmusikk.
  • Jentekoret "utan navn", med dir. Kirsten Ragnhild Grimstad.
  • Andakt v/spr. Arne Moltubak.
  • Ørsta kyrkjekor, med dir. Marie Austrheim Riise.
  • Ervingen, dir. Øyvind Lied.
  • Ø.B. Brass, dir. Nils Ose/Leif Atle Strand.
  • Stemt, dir. Siv Kristin Aurdal.
    • Stian Åkvik, solist Adams Julsång.

 





Kirkeleg ressursside:
http://www.kirkenorge.no/







Adresse:
Vikegata 5,
6150 ØRSTA

Tlf: 70048640
Faks:70048641

Ørsta kyrkje:700 66354

Meir kontaktinfo.
under sida for
kyrkjekontor

E-post til kontoret