Personvern

Personopplysninger

 

Påskegudsteneste

Det er tilbod til skulane å ha Påskegudsteneste i kyrkjene i Ørsta og Vartdal.
Om de skulle ynskje det, og ikkje fått informasjon i posten eller på e-post, er det berre å ta kontakt med kyrkjekontoret.

Gudstenesta som me tilbyd er bygd opp som ei ”reise” gjennom dei ulike påskedagane. Vi tek til på palmesundag, held fram med skjærtorsdag, langfredag, og sluttar med påskedag.


AGENDA:

PALMESUNDAG

KLOKKERINGING

INNGANGSSALME…………........... NoS 867: ”Hosianna, Davids Son”

INNGANGSPROSESJON

OPNINGSORD (prest), TEKSTLESING (kateket) OG BØN (elev)


SKJÆRTORSDAG

KATEKETEN SEIER LITT OM SKJÆRTORSDAG

SALME………………………........... Vaskevise for disipler på CD

DRAMATISERING AV FOTVASKINGA OG DET SISTE MÅLTIDET
Mot slutten av dramaet om måltidet syng vi:
SALME……………………….............. NoS 659: Vårt altarbord er duka


LANGFREDAG

PRESTEN SEIER LITT OM LANGFREDAG

SØRGMODIG ORGELSPEL (Lavt og roleg orgelspel)

LANGFREDAGSPROSESJON………………..
Medan organisten held fram med sørgmodig orgelspel, kjem
prosesjonen fram. Samstundes les kateketen om kva som skjedde denne dagen.
Orgelspelet held fram heilt til lyset vert sløkt i kyrkja.
Kyrkjetenar sløkkjer lyset når kateket les: Det vart mørkt i heile landet.


SYNDSVEDKJENNING

KYRIE………………………………… Vanleg kyrie



PÅSKEDAG

LYST ORGELSPEL ………………….Forsiktig og lavt fyrst, litt meir lyd etter kvart.

PÅSKEDAGSPROSESJON……………………
Medan organisten held fram med lyst orgelspel, kjem
prosesjonen fram. Samstundes les kateketen om kva som skjedde denne dagen. Kyrkjetenar slår på lyset når det svarte kledet vert teke vekk.
Orgelspelet held fram heilt til dramaet er ferdig.

PRESTEN SEIER LITT OM PÅSKEDAG

SALME……………………………….. NoS 194: Dine hender er fulle (4v)

TRUVDEKJENNING

FADER VÅR

SLUTNINGSSALME……………….. NoS 184: Påskemorgen slukker sorgen (2v)

VELSIGNING…………………………………. Presten seier fram velsigninga.

3x3 KLOKKESLAG / SENDING

POSTLUDIUM…………………….... NoS 187: Deg være ære (berre orgel)

Utgangsprosesjon




Bilete:


Adresse:
Vikegata 5,
6150 ØRSTA

Tlf: Kateket: 70048647

Tlf: 70048640
Faks:70048641

Meir kontaktinfo.
under sida for
kyrkjekontor

E-post til kateket


Palmesøndagsbøn:

Du rir inn i byane våre.

Du rir inn i bygdene våre.

Du rir inn der vi bur.

Jesus, lat oss gå ut
 og fortelja om deg.