Personvern

Personopplysninger

 

 Opplegg

PALMESØNDAG

Rekvisittar:

”Palmegreiner” (Greiner av tuja eller sypress): ei til kvart av borna som skal gå i prosesjon.

Kostyme til eit esel (me har eit i kyrkja som de kan låne)

Kappe til Jesus (kyrkja har)

Salme:

NoS 867 ”Hosianna Davids son”

Førebuing : Ein (av dei minste) elev speler Jesus, og skal sitje på eselet i prosesjonen. Inni eselet går to vaksne (eller store elevar). Resten av klassa/skulen er med i opptoget. Helst også lærarane.

Alle ber ”palmegreiner” i hendene.

Alle må lære godt songen ”Hosianna, Davids son” NoS 867

Ein elev får i oppgåve å lese ”Palmesøndagsbøn” av O.S. Bjørlykke (vedlegg)

Du rir inn i byane våre.

Du rir inn i bygdene våre.

Du rir inn der vi bur.

Jesus, lat oss gå ut og fortelja om deg.

Gjennomgang:

Gudstenesta startar med at prosesjonen kjem inn hovuddøra og opp gjennom midtgangen. (Når klokkene har slutta å slå og orgelet byrjar å spele. Prest og kateket er ikkje med i prosesjonen.) Jesus først på eselet. Ein lærar må leie eselet og passe på at ”Jesus” sit godt. Alle viftar med ”palmegreinene” og syng ”Hosianna, Davids son”.

Når prosesjonen kjem fram til kortrappa stiller dei seg opp i to rekkjer på sidene av trappa med ansiktet mot kyrkjelyden. ”Jesus” står i midten, godt synleg.

Presten seier litt om gudstenesta og om palmesøndag.

Kateketen les frå ”Bibel for born” s.196 og ein elev les ”Palmesøndagsbøna”.

Etter bøna legg alle ”palmegreinene” rett ned på golvet og går og set seg i benkene.


SKJÆRTORSDAG

Rekvisittar:

Kostyme til læresveinar. Vaskefat og mugge med vatn. Handkle.

Brød og kalk til måltidet.

Alt dette finst i kyrkja (Kostyme til ca.20 elevar).

10-12 elevar som læresveinar til fotvasken.

10-12 elevar som læresveinar til måltidsdrama.

( Det kan vere dei same elevane som er med både på fotvask og måltid)

Salmar:

”Vaskevise for disipler”

NoS 659 ”Vårt altarbord er duka”

Førebuing:

Alle øver godt på songen ”Vaskevise for disipler”. Det beste er om ein av lærarane er Johannes. (Johannes er den læresveinen som får føtene sine vaska av Jesus. Det vil seie at denne læraren må gå berrføtt.) Drama til fotvasken og måltidet foregår samtidig med at teksten vert lesen frå lesepulten (av kateketen). Presten speler Jesus i begge situasjonane (fotvasken og måltidet).

Elevane må i god tid før gudstenesta møte i garderoba (kyrkjekjellaren i Ørsta, våpenhuset på Vartdal) for å kle på seg læresvein-kostymane.

Gjennomgang:

Læresveinane til fotvasken sit på benken bak sideinngangen i kyrkja (benken er merka). Presten (Jesus) kjem og hentar dei, og dei går etter han under heile songen. Alle i kyrkja syng ”Vaskevise for disipler” medan dei går rundt i kyrkja.

Jesus (presten) går opp på platået i midtgangen, og dramaet startar. Drama følgjer teksten frå ”Bibel for born” s.204-205 (deler), som vert lesen av kateketen. Etter fotvasken går alle læresveinane og set seg.

”Jesus” tek med seg ei ny gruppe læresveinar (desse sit på benken framfor sideinngangen i kyrkja (benken er merka), går fram til koret i kyrkja, der alle kneler rundt tre sider av bordet (ikkje med ryggen mot kyrkjelyden). Drama følgjer teksten som vert lesen frå ”Bibel for born” s.207. Læresveinane får litt brød å ete. Ver OBS på allergiar i elevgruppa! Sei ifrå til oss om det er nokon som må ha glutenfritt brød.

Etter dramaet syng alle ”Vårt altarbord er duka”, før ei kort tekstlesing (s208), elevane reiser seg og går til plassane sine.


LANGFREDAG

Rekvisittar:

Elevane er kledde i svarte kle (hugs å avtale dette på førehand) (10 stykke får noko å bere, men heile klassa kan vere med i prosesjonen).

3 elevar ber eit stort svart klede til å dekke altaret med

2 elevar ber store steinar,

2 elevar ber eit kors av tre,

1 elev ber ei ”tornekrone”,

2 elevar ber eit raudt stoffstykke.

Desse rekvisittane finst i kyrkja.

Salme: Kyrie frå gudstenesteliturgien.

Liturgi: Syndsvedkjenninga

Førebuing:

Alle elevane øver godt på kyrie.

Gjennomgang:

Presten tek på den svarte messehakelen og seier litt kort om langfredag. Orgelet byrjar å spele ”trist” musikk, og prosesjonen startar frå hovuddøra i kyrkja (får ikkje anna teikn enn det).

Prosesjon med alle elevane i svarte kle kjem inn. Dei 10 som ber med seg ting går fyrst i prosesjonen. Desse går heilt fram til altaret, medan dei andre kneler på golvet nedanfor trappa. (Hugs å lage plass til dei 10 andre.) Dei tre som ber det svarte kledet går innafor alterringen og dekkjer til altaret (kan få litt hjelp av presten). Steinane vert lagde på golvet, midt framfor altarringen, tornekrona vert hengd på korset og korset lagt på steinen. Det raude kledet vert lagt ned ved foten av krossen. (Kateketen hjelper til.) Elevane går ned og kneler saman med dei andre.

No les kateketen frå ”Bibel for born” om det som hende langfredag (s.216-217). Alt lys vert sløkt i kyrkja, og orgelet speler ”jordskjelv”. Kort stillheit før syndsvedkjenning og Kyrie frå liturgien (alle les / syng i kor). Etter dette går elevane og set seg på plassane sine.

PÅSKEDAG

Rekvisittar:

Svarte sørgjeplagg til tre jenter.

Påskeliljer.

Kvite kapper til to englar.

Desse rekvisittane finst i kyrkja.

Salmar:

”Dine hender er fulle av blomar” (nynorsk tekst.)

NoS 184 ”Påskemorgen slukker sorgen” 1.og 2. vers

Liturgi:

Truvedkjenning og Fader vår.

Førebuing:

Alle elevane i klassen/på skulen lagar kvar si påskelilje av silkepapir.

Alle øver godt på songane.

Gjennomgang:

Dei tre jentene og englane kan sitje på bakarste benk gjennom heile gudstenesta. Etter at elevane frå langfredag har sett seg, reiser dei seg og kjem gåande fram gjennom midtgangen i kyrkja.( Orgelet speler svakt heile tida.) Kvinnene fremst, og englane eit godt stykke bak. Kvinnene går med bøygd hovud, svart klede over hovudet og påskeliljer i hendene. Når dei kjem fram til altarringen, set dei påskeliljene i vasane som står der, og kneler på altarringen.

Dei to englane går innanfor alterringen, tek det svarte kledet av altaret og av hovuda på kvinnene/jentene. Lysa i kyrkja vert tende igjen.

Samstundes med alt dette, les kateketen frå ”Bibel for born ”s.219.

På slutten av teksten heiter det: ”No fekk dei det travelt. Dei skunda seg så fort dei kunne tilbake til byen. Dei måtte fortelje læresveinane det dei hadde sett og høyrt!” Englane peikar utover mot utgangen, og kvinnene går fort / spring ut. (Set seg på plassane sine.) Englane går også tilbake til plassane sine.

Kyrkjelyden syng no ”Dine hender er fulle av blomar”, og dei elevane som har laga påskeliljer kjem fram og legg dei på golvet rundt korset (sjå langfredag).

Deretter seier me fram truvedkjenninga (kortform) og ber Fader vår ilag.

Alle syng 1. og 2. verset av ”Påskemorgen”

Presten lyser velsigninga og me går ut i prosesjon. Kateketen går fremst og ber prosesjonskorset.

I kyrkja er me glade om me kan få påskeliljene som elevane har laga. Då vil me bruke dei til å pynte kyrkja med i påskehøgtida.


Adresse:
Vikegata 5,
6150 ØRSTA

Tlf: Kateket: 70048647

Tlf: 70048640
Faks:70048641

Meir kontaktinfo.
under sida for
kyrkjekontor

E-post til kateket


Palmesøndagsbøn:

Du rir inn i byane våre.

Du rir inn i bygdene våre.

Du rir inn der vi bur.

Jesus, lat oss gå ut
 og fortelja om deg.