Personvern

Personopplysninger

 

Diakoni




KVA ER DIAKONI?

Diakoni er kyrkja si omsorgsteneste.

Den er evangeliet i handling og blir uttrykt gjennom nestekjærleik, inklurderande fellesskap, vern om skaparverket og kampen for rettferd.

(Visjon for diakoni i Den norske kyrkja, 2008)




KVA SKJER?

I diakoniplanane for kyrkjelydane i Ørsta finn du dei konkrete diakonale tiltaka i kvar einskild kyrkjelyd:

- Diakoniplan for Ørsta sokn

- Diakoniplan for Vartdal sokn

- Diakoniplan for Hjørundfjord sokn

 Sjå også i venstremargen på framsida til iKyrkja.no

Til dømes Barn og unge eller For dei vaksne

Diakoniplanane er delte inn i fire hovudarbeidsområde:

1. Materielt livsgrunnlag og sosial rettferd

2. Kontakt og fellesskap

3. Sjelesorg

4. Helse- og omsorgsarbeid


........................................................................................................

Guds kjærleik til alle menneske og alt det skapte,

verkeleggjort gjennom liv og teneste.

(Visjon for den diakonale tenesta i Den norske kyrkja, 2008)
.........................................................................................................................

___________________________________________________________________________________

DiakoniAvis
__________________________________________________________


 

Søndagstankar ved diakon Betty Søvik

Lovnaden står over lova

Galatarane 3, 23-29 :  «23 Før trua kom, vart vi haldne i varetekt under lova; vi var innestengde heilt til den trua som skulle koma, vart openberra. 24 Slik var lova vaktaren vår til Kristus kom, for at vi skulle seiast rettferdige ved tru. 25 Men no når trua er komen, er vi ikkje lenger under vaktaren.

→ Les mer

SLIK KAN DU STØTTE FASTEAKSJONEN​I ÅR​

OMTALE I AVISA:

Den årlege fasteaksjonen til kyrkjelydane i Noreg, i samarbeid med Kirkens Nødhjelp, blir ikkje avlyst, men går digitaltsmskontonummer, Vipps og Facebook. I slutten av marsskulle konfirmantar og frivillige i heile Noreg ha gått frå dør til dør for å samle inn pengar til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid for fattige og menneske som er ramma av krig og katastrofar!

→ Les mer

Hugs Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon fortsatt
Komande tysdag den 31. mars, skulle eigentleg mellom andre konfirmantene kome på dørene med innsamlingsbøsse. Dette er som sagt avlyst, og vert digital. Her finn du igjen informasjonen på korleis du kan gi. PS. Same kva måte ein som gir pengane på vert det registrert hjå KN kva kommune det kjem frå (postnr.)

→ Les mer

Treng du nokon å snakke med?
Vi på Ørsta Kyrkje-kontor fylgjer med på spreiinga av koronaviruset i landet vårt generelt og i lokalsammfunnet spesielt. Det er vanskelig å finne ord for situasjonen slik den er no. På Kyrkjekontoret er vi tilgjengelige og vil gjerne vere til stades også i ei krisetid som dette for å hjelpe alle som er berørt på ulikt vis.

→ Les mer


"Gå i fred, ten Herren med glede!"

Kontaktinformasjon:
Knut Stave, diakon Tlf: 700 48644
e-post:
          ............................
Betty Søvik, diakon
Tlf: 700 48645
e-post:
 ...............................................
Lenkjer: Kirkens SOS..............................................

Adresse
Vikegata 5, 
6150 ØRSTA

Tlf: 70048640 
E-post til kontoret